Opplysningen 1881

Søk hele 1881

 

 
Google
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
 Startsida»   
Tur»  Fotogalleri»   Billettar og rutetider»  Hobby»

 

 Opp | Ålesund | Vanylven | Sande | Herøy og Runde i Møre og Romsdal | Ulstein | Hareid | Volda | Ørsta

Loading...
Ålesund sett frå Fjellstua. Foto 2006 Skaare. Fjellstua i Ålesund. Foto 2006 Ida Apelseth Skaare. Ålesund. Foto 2006 Ida Apelseth Skaare. Ålesund. Foto 2007 Skaare.
Ålesund i Møre og Romsdal
I Ålesund har bygga tårn, spir og vakre utsmykkingar, der er store bygardar i mur og stein. Etter den store bybrannen i 1904 vart byen bygd oppatt slik at den ikkje skulle vere brannfarleg. Oppattbygginga skjedde over kort tid, og Ålesund fekk Jugendstil.
 
Transport: Flybillettar, overnatting»
Flyavgangar og status Avinor» Ålesund lufthavn - Airport
Flybuss»
 

 

 
Museet Jugendstilsenteret» presenterar den mangfaldige historiske perioden frå slutten av 1800-tallet og fram til 1. verdskrig. Bymuseet Ålesund museum finn ein like ved rådhuset, på andre sida av vegen og opp trappene. Her kan ein sjå ulike sider av Ålesund by som vaks fram, som fiske-, fangst- og sjøfartsby, og som eit sentrum for handverk og handel for sunnmøre.  Viktige hendingar som bybrannen i 1904 og den tyske okkupasjonen 1940-45 har også fått sin naturlige plass.

Jugendbyen Ålesund kan ein oppleve ved å rusle rundt i gatene eller vere med gaida omvisingar». Byen kan ein også sjå frå sjøsida, det er både nye og gamle båtar som går til ulike tider. I høgsesongen er det båttur kvar onsdag med Borgundknarren frå museet Borgundgavlen». Det er fantastisk utsikt frå
Fjellstua». Dit kan ein enten køyre til, ta buss eller gå alle trappene. Ålesund hamn» har fleire webkamera på si side.

Atlanterhavsparken» har akvarium med lokale fiskeslag, og det gå dykkarar ned og matar fiskane. Ute er det basseng med veldig søte pingvinar.

Tidleg på hausten vert Matfestivalen i Ålesund» arrangert. Ålesund Teaterfestival» skjer  om våren. Aalesunds fotballklubb» spelar på Color Line stadion, det er gangbru over hovudvegen for dei som går til fotballkamp. Ålesund golfklubb» byr på Sunnmøre si einaste golfbane med 18 hol. Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST)» inviterer til både dagsturar og lengre turar i sitt hytte- og rutenett i Sunnmørsalpane og Tafjordfjella. Ålesund Sandvolleyballklubb»

I Ålesund sentrum er det kino på Løvenvold, og på Moa er det kino med tre salar. Oversikt over filmar og billettbestilling for kinoane i Ålesund»

Husfliden i Ålesund» sel strikka genserar og handlaga norske suvenirar. Ålesund storsenter» er eit butikksenter like ved rådhuset, og med rikeleg av parkeringsplassar i kjellaren. Ålesund bibliotek» ligg i rådhuset». Det er store kjøpesenter på Moa, om lag 1 mil i frå Ålesund sentrum, Stormoa»

 

Ålesund sett frå Fjellstua. Foto 2006 Margrete Apelseth Skaare.

     

Atlanterhavsparken har akvarium med lokale fiskeslag, og det gå dykkarar ned og matar fiskane. Ute er det søte pingvinar som har veldig fint uteområde.
     

Museet Borgundgavlen». I høgsesongen er det båttur kvar onsdag med Borgundknarren.

Rådhuset i Ålesund.

Ålesund»

Vanylven»

Sande»

Herøy og Runde»

Ulstein»
 
Hareid»
Vadsteinvatnet i Volda sommaren 2008.
Volda»

Ørsta»
Statens Vegvesen: Turistkart 2008 for Møre og Romsdal i Region midt. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Turistkart»
Kart Sunnmøre: Vanylven, Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Sunnmørskart»

Møre og Romsdal»

Sogn og Fjordane»

Bergen»
 

Oslo»
Noreg
»

Danmark» Utland»

Mallorca»

Venezia»
Karlsbrua i Praha.
Praha»
 

Taksering
Uno Lundberg AS
TLF 700 77 700
www.lundberg.no

 

©2003-2009 M.A.Skaare. Sist oppdatert 17.03.2011. SETT SOM STARTSIDE  LEGG I FAVORITTAR Har du noko som passar å føre opp så send ei melding»