|
Oppskrift på brente mandlar: 1 dl mandlar
1 dl sukker
1 dl vatn
Om du vil lage større
porsjon vert resultatet best om du lagar ein porsjon om gangen!
Kok opp vatn, sukker og mandlar i ei steikepanne. Bruk over middels
varme, her er bruk stille 6 av 9 på komfyren. Du treng ikkje å røre så
mykje enno.
Kok til mandlane vert dekte av tørr sukkermasse. No må du røre i
blandinga heile tida, og steik vidare på same varme til sukkeret smeltar
og vert karamelle.
Avslutt når du synest fargen er passe brun. Steiker du for lenge smakar
det brent.
Tøm dei brente mandlane utover eit bakepapir eller
smurt bakeplate for avkjøling. Marte brukar silikon bakepapir som kan
brukast mange gangar. Sprei mandlane godt utover slik at det ikkje vert
store klumpar som det er vanskeleg å ete.
Fyll dei brente mandlane over i eit tett glas eller
boks så snart dei er avkjølte, då unngår du at dei vert klissete.
|