| |
Loading...
|
|
| |
|
 |
|
Legoland» i Billund er ein stor familiepark med
hus og byar av Lego,
der det køyrer bilar, tog og båtar inn i mellom dei små
husa. Der er 4D kino, berg- og dalbane, Dragen, tog, båtar
mm. Der er butikkar med klede og Lego, og kioskar, kafear
og restaurantar. |
|
 |
|
På
Givskud Zoo» kan ein køyre med eigen bil rundt i
parken eller sitt på i buss og oppleve på nært hald
giraffar, nashorn og løver. Ta med niste som du kan varme
på grill.
Kattegatcentret» i Grenaa er haisenteret i Danmark, i
glastunnelen går du få centimeter frå rokker og dei store,
nifse sandtigerhaiane. Ebeltoft har
Fregatten Jylland», og mot nord ligg
Djurs sommerland»
Hjerl Hede» i Holstebro er ein historisk landsby der
heile familien kan oppleve livet i ein Dansk landsby for
150 år sidan.
Fiskeri- og Søfartsmuseet» ligg i Esbjerg, sørvest
for Billund. Der er stort akvarium, selar, innandørs - og
friluftsutstilling av båtar med utstyr, kiosk,
museumsbutikk.
Like ved storbyen
Aalborg» ligg
Aalborg Zoo». Møt isbjørnar i grønlandsk fjord eller
store afrikanske elefantar i den afrikanske landsbyen.
|
|
|
|
|
Danmark
I
Danmark» er det kjekt å feriere for heile familien og
særskilt for barnefamiliar. Det er mange familieparkar, museum
og attraksjonar å velje mellom. Det er mest praktisk å ta med
bil om ein skal i fleire parkar, då er
eit godt bilkart» lurt å ha med. Maten er god, språket er
greitt å forstå og om vêret slår til er det fantastiske
badestrender og nydelege solnedgangar.
Danske toppattraksjonar:
Tivoli i København» Legoland»
Fårup sommerland»
BonBon-Land» Djurs
sommerland»
Givskud Zoo»
Knuthenborg Park & Safari»
Tivoli Friheden»
Sommerland Sjælland»
 |
Nord-Jylland» med Frederikshavn, Skagen,
Blokhus og
Jammerbugten byd på mange opplevingar.
Jammerbugten»
er eit populært ferieområde, der ligg blant anna
Blokhus» med
fantastisk sandstrand. Om kvelden samlar det seg mykje folk
for å sjå på solnedgangen.
Hirtshals» har
Nordsøen Oceanarium», som er Nordeuropas største akvarium.
Skagen» er eit populært turistmål. Frå slutten av 1870
-talet fram til århundreskiftet var Skagen ein internasjonal
møtestad for unge kunstnarar, som Anna og Michael Ancher og
P.S. Krøyer. Skagensmalerne vart alt berømte medan dei levde.
Måleri er utstilte
på
Skagens Museum»,
blant anna Solskin i den blå stue
av Anna Ancher og Sommeraften på
Skagen Sønderstrand av P.S. Krøyer. Det høgaste fyrtårnet i
Danmark finn ein også på Skagen om ein vil sjå vidt utover.

På
Fårup sommerland»
finn du kjekke aktivitetar for
heile familien, som berg- og dalbane, badeland, barnetivoli,
karusellar, mange små og store trampolinar, skytebane,
klatrenett og klatrevulkan der både vaksne og born kan kose
seg. Der er grillområde for eiga niste, og det er rimelege
prisar på mat og drikke. Dette er Danmark sin mest besøkte
sommarpark og heilt super! Den ligg i nord Jylland, ikkje
langt frå Blokhus.

I byen Hjørring vert den store fotballturneringa
Dana Cup» arrangert kvar sommar. Hjørring ligg i
køyreavstand til Fårup sommerland. I 2006 tok Volda jentene
3.plass på Dana Cup i Hjørring.
|
|
Jesperhus Blomsterpark» er ein stor blomsterpark sør for
Nykøbing. I parken er det fargestrålande sommarblomar,
kaktusar, palmer og roser. Der er også store hallar med
sommarfugleland og jungelzoo. Leikelandet i parken har
ponniar, piratskip, motorsyklar med meir. I nedste del av
blomsterparken er "H.C. Andersens eventyrhave", her finn du
kjente eventyr delvis laga av blomster. Der er grillområde for
eiga niste. |
 |
I området ved Storkøbenhavn ligg
Danmarks Akvarium»
I
København finn du det kjende
Tivoli i København» og
Zoo København» |
|