|
Gulrotkake i langpanne eller kakeform:
Stor oppskrift på gulrotkake til
langpanne
8 egg
6 dl sukker
6 dl kveitemjøl
4 teskeier natron
4 teskeier kanel
2 teskeier salt
2 teskeier vaniljesukker
1 dl olje
8-10 dl rivne gulrøter
Set
steikeomnen på 190 grader.
Steiketid ca 30 minutt.
Pisk egg og sukker til eggedosis
(luftig og nesten kvit.) Rør inn mjøl,
krydder og natron først og etterpå
olje og rivne gulrøter. Legg bakepapir
i botnen av langpanna, eller smør den
godt med margarin, smør eller olje.
Hell i røra. Steik i ca 30 min på 190
grader, nedst i omnen. Kaka er ferdig
når den losnar frå kantane på
langpanna. Sett langpanna på rist for
avkjøling - det er ikkje naudsynt å ta
kaka ut av langpanna. Legg
kjøkkenhandkle over og lat den stå til
avkjøling. Mens kaka vert avkjølt tek
me til med glasuren.
Glasur:
400 gram smørjeost, for eksempel
Philadelphiaost
2 ts vaniljesukker
100 gram smelta smør
500 - 1000 gram melis (1 - 2 pakkar)
Rør saman glasuren, bruk gjerne
miksmaster eller kjøkkenmaskin. Kaka
bør vere ganske avkjølt før ein
smørjer utover glasuren, legg handa på
og kjenn at kaka ikkje er over
handvarm. Smør glasuren utover kaka,
dryss på appelsinkuler eller anna
passande pynt om du vil. Glasuren er
flytande ei stund, alt etter kor mykje
melis du har rørt inn i glasuren.
Oppskrift
på gulrotkake til kakeform
4 egg
3 dl sukker
3 dl kveitemjøl
2 teskeier natron
2 teskeier kanel
1 teskeier salt
1 teskeier vaniljesukker
½ dl olje
4-5 dl rivne gulrøter
Set steikeomnen på 190 grader.
Steiketid 50-60 minutt.
Pisk egg og sukker til eggedosis
(luftig og nesten kvit.) Rør inn mjøl,
krydder og natron først og etterpå
olje og rivne gulrøter. Smør godt ei
kakeform, og hell i røra. Steik i ca
50-60 min på 190 grader, nedst i
omnen. Kaka er ferdig når den losnar
frå kantane på langpanna, eller stikk
med ein strikkepinne i kaka for å sjå
om det heng fast rå deig. Losne kake
frå forma og avkjøl på rist, legg
kjøkkenhandkle over. Mens kaka vert
avkjølt tek me til med glasuren.
Glasur:
200 gram smørjeost, for eksempel
Philadelphiaost
1 ts vaniljesukker
50 gram smelta smør
250 - 500 gram melis (½-1 pakke)
Rør saman glasuren, bruk gjerne
miksmaster eller kjøkkenmaskin. Kaka
bør vere ganske avkjølt før ein
smørjer utover glasuren, legg handa på
og kjenn at kaka ikkje er over
handvarm. Smør glasuren utover toppen
av kaka, dryss på appelsinkuler eller
anna passande pynt om du vil. Glasuren
er flytande ei stund, alt etter kor
mykje melis du har rørt inn i
glasuren.
|