| |

Reisemål, inspirasjon,
hageshopping og litt om vår hage finn du
på sida
Planter
|
|

God oppskrifter på
kvikklunsjkake»
Handarbeid
Akkurat no broderer eg
Ørstabunad, og det mykje
arbeid. Elles likar eg godt å
strikke, mange fine
oppskrifter finn eg på
Garnstudio og Drops Design»
.

Åse i Ørstabunad på Haualeite
i Volda. Ørsta-bunaden»
har ni store roser som er
brodert nede på sjølve
stakken, og den har ikkje
forkle. Lomma skal henge i
belte på venstre sida. Bunaden
skal vere svart eller mørkt
blå. Skjorta har fin
holsaumfald, og det høyrer
også til kep. Det er laga eige
sølv til bunaden. Jentene
brukar raude strømper medan
gifte kvinner bruker svarte.
Bunadsnemnda har utarbeidd eit
hefte om Ørsta-bunaden». I
heftet finn du informasjon og
rettleiing både for brodering
og montering av bunad og
skjorte. Tilfang til
Ørsta-bunad kan tingast hos
firmaet Signy
Digernes»
Bunad er festantrekk og
galla-antrekk, og vert blant
anna brukt på 17. mai, i
barnedåp, bryllaup og
konfirmasjon. Det er mange
ulike bunadar og folkedrakter
i Noreg, og bunadane er knytte
til bestemte delar av landet.
Her på Sunnmøre har dei fleste
jentene bunad til
konfirmasjonen, enten sin
eigen eller ein lånt. Bunaden
kan ein tilpasse ved omsaum
etter som åra går. No er det
også mange gutar som har bunad
til konfirmasjonen, og det er
mange vaksne menn som har
herrebunad. Ved bryllaup kan
brura låne krone og bringeduk
som høyrer til den bunaden ho
har.

Til herrebunaden høyrer det
til hoseband. For at ikkje stømpene skal
sige kan du knyte hosebanda på
denne måten som vist
her».
|
|
|
|
| |
Mine
hobby - sider handlar mest om
hage, oppskrifter,
Slektsgransking» og handarbeid.
|
|
|

Kanotur på
Videtjørn i Ørsta (kart»)
. For å fiske etter laks,
ørret og sjørøye må ein løyse
stats-fisktrygdsavigift eller
statlige fiskeavgift hjå
Direktoratet for
naturforvaltning (DN)» Den
som har fylt 16 år må betale
avgift. Etter ein har betalt
avgifta må ein kjøpe fiskekort
i elva eller vatnet ein skal
fiske i, mange elver er opne
for fiske berre ei periode om
sommaren.

Om vinteren
opnar skibakkane i Volda og i
Ørsta.
Reset» ligg i Volda
og
Bondalseidet»
ligg i Ørsta (kart).

Fjelltur til
Kvanndalen på Standaleidet i
Ørsta. Turen starta frå
Standalhytta (kart).
På fjelltur er det ofte ei elv
med friskt og kaldt vatn der
vi kan fylle på flaskene våre.
Elles treng ein gode sko eller
fjellsko, niste og kle etter
vêret. Eg legg som regel ei
ulltøye, lue og hanskar i
sekken på alle turar.
Guideboka
Fjellturar på Sunnmøre»
viser ruter for alle
fjellturar, den tipsar også om
barnevennlege ruter. |
|
|
|