http://www.skaare.net

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   

Med ynskje om
ei god jul og eit   
 fredeleg nytt år

 

 

Jul»

 

Advent

 

 

Jul er feiring av Jesus sin fødselsdag, og 4 søndagar før julaftan startar nedteljinga med tenning av adventslysa. Tekst og melodi til "No tenner vi det første lys" finn du på sida til Tunkatten»

Julekonsertar og julemusikk gjev julestemning. Tekst og gitargrep til blant anna 'Glade jul' finn du på sida til Nortabs». Elles kan sangbøker tingast hjå
Haugen Bok» og julemusikk kan tingast frå nettbutikken CDON».

 

 

 

Jul
 

Levande lys, festleg lag, familiesamlingar, god mat og gåver høyrer jula til.
1. desember er dagen for å opne første luka i julekalenderen og å bytte batteri i brannvarslarane, det bør minst vere ein brannvarslar i kvar etasje og gjerne ein på kvart soverom.

 

Julegåvene
Den mest populære julegåva er den som gåvemottakaren ynskjer seg. Til den som har alt kan du gje gåver med meining hjå Kirkens Nødhjelp» eller frå
Utviklingsfondets nærbutikk». Med gåvekort eller pengar kan motakaren kjøpe seg akkurat det han har lyst på. Gåver som kan etast, drikkast eller brukast opp slår ikkje feil, for eksempel dusjsåpe, sennep i fin krukke, krydder, røykelse, serviettar eller lys. Blomster er nydeleg til å pynte opp med, og dei kjem i alle prisklasser.
 

Den kreative strikkar kan lage blånisse lue til dei små og andre luer til dei større. Over 3000 gratis strikkeoppskrifter finn du på Garnstudio og Drops Design» Sjølvlaga gåver er alltid ekstra stas.

Julehandel på nettet er eit alternativ til å gå på leit i butikkane, og ofte får du betre tilbod om du kjøper på nettet.
Bøker, lydbøker og musikk er populære gåver å få, det kan du finne på Haugen Bok». Musikk og filmar finn du i stort utval på nettbutikken CDON».
 

Nokre godbitar på nettet
 

Picnickurv til 4 personer (WT13025)      
Romantiske korger til den store pikniken. Neste gang vi skal til Danmark må eg innom Lundhede Planteskole og handle. Tenk å ha sin eigen plog! Litt vanskeleg å legge under treet, men kan bestillast frå Morvik Mekaniske .      


 

Julekort med foto er ein kjekk juletradisjon, men bestill så raskt som råd, for dagane går fort fram mot jul. Hugs å sende juleposten i god tid, seinast 16. desember. Du kan også glede ein ven med flotte elektroniske julekort frå Sjømannskirken».

 

Juletradisjon

Vesle julaftan tek vi fram juletrepynten og pyntar juletreet. Vi har tatt vare på julepynten som båe dei små og store lagar, og slik har vi laga vår eigen juletradisjon.
På julaftan legg vi gåvene under eit fint pynta juletre, tenner lys på kyrkjegarden for dei som vi saknar og som ikkje lenger er med oss, går til julegudsteneste og les opp juleevangeliet før julemiddagen. Juleevangeliet finn du i Evangeliet etter Lukas kapittel 2, vers 1 til 20. Juleevangeliet finn du på nett hjå
www.bibelen.no

 

 

Julematen
Julemiddagen skal vere som den har vore før, så her gjeld det å få med seg dei gode oppskriftene heiman ifrå. Elles er det mange dyktige kokkar som delar sine beste oppskrifter på julemat på nettet. Det er stor julemeny på  www.aperitif.no med videokjøkken. Der er også oppskrift på julekakene.
Her finn du mine beste oppskrifter på brente mandlar» og karamellpudding»

Det beste pinnekjøttet kan kjøpast hjå Johs. Jacobsen Kjøtt AS i Volda (kart), Telefon 70 07 40 30. Fabrikkutsalet er ope på formiddagen.
Nydeleg svinemår, julepølse og fårepølse frå Sørdal Kjøtt AS i Syvde (kart), telefon 70 02 30 08. Maribakst» har gode lefser, mobil 938 76 608.

Ut å reise i jula

Dei som skal reise på juleferie finn Billettane» her. Hugs å skru av hovudstoppekrana før juleferien. Ofte kjem det ei skikkelig kuldeperiode i løpet av jul og nyttår, og difor er det lurt å la dørene stå opne til alle rom med vassleidningar slik at varmen slepp til.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Koplingar

 

 

 1. Juleevangeliet»
 2. No tenner vi det første lys»
 2. karamellpudding»
 3. Brente mandlar»
 4.  Billettar»
 5.  Haugen Bok»
 6.  CDON»
 7  
 8  
 9.