Karamellpudding
2 dl sukker til glasering av forma
1 vaniljestong
6 dl H-mjølk
3 dl kremfløte
6 ss sukker
6 egg
|
Framgangsmåte:
Bruk ei 1½
liters avlang brødform.
For å finne form med rett storleik måler ein opp 1½ liter vatn og tømer
det i forma. Dersom dette når opp til kanten er forma på 1½ liter.
Alternativt kan puddingen lagast i porsjonsformer eller
anna form.
Glasering av forma:
Sett den største plata på komfyren på middels varme. Sukkeret vil smelta
litt ujamt i forma, så rørt med ei tresleiv til sukkeret er heilt
smelta.
Lyft vekk forma frå plata om karamellen vert for varm og bobla mykje.
Lat forma stå på plata til sukkeret er gyllenbrunt, tak forma av plata.
Forma og karamellen vert svært varm, bruk tjukke gryteklutar.
For å glasere forma med karamellen vender du på forma, dekk ei side på
forma om gangen. Vend forma vekk i frå deg for å unngå brannskade. Snu
og vende på forma til karamellen er så kald at den stivnar, og alle
sidene dekte.
Puddingen:
Snitt vaniljestanga på langs. Legg den opne vaniljestonga i
ei gryte, slå over oppmålt heilmjølk, fløte og sukker.
Det er viktig å bruke heilmjølk, for med lettmjølk eller skummamjølk
vert ikkje puddingen stiv nok.
Kok opp blandinga, ta gryta av plata når blandinga kokar.
Pisk egga lett saman med ein gaffel. Eggeblandinga treng ikkje å vere
heilt jamn, då er det lite luft som vert piska inn i blandinga.
For å unngå at puddingen vert ”nålete” (pipete) var det viktig å ikkje
piske egga for mykje.
Ta opp vaniljestanga frå mjølkeblandinga og skrapa ut vaniljefrøa inne i
stanga.
Visp den litt avkjølte mjølkeblandinga med visp medan du slår ein tynn
stråle av dei piska egga ned i blandinga. Sil blandinga over i den
glaserte forma.
Lat forma stå i 10 minutt før den skal inn i omnen, røra får då tid til
å sette seg og det forhindra luftbobler (piper). |
|