|
Prosjektbeskrivelse
Sandvolleyballanlegg på Årneset
På det kommunale friluftsområdet Årneset ved
Rotevatnet i Volda kommune er det planlagt
to sandvolleyballbaner. Årneset er det
einaste området i Volda sentrum som er
tilrettelagt for bading og anna strandliv. I
løpet av dei siste åra har det blitt utbygt
og ordna slik at det no står fram som ein
godt tilrettelagt samlingsplass for
strandliv og utandørs samkomer i
sommarmånadane. Sandvolleyball ein aktivitet
som høver godt på eit slikt område, og dei
to planlagde banene vil gjere Årneset til
ein endå meir attraktiv samlingsplass,
særleg for born og unge.
I Volda har det vore eit aktivt
volleyballmiljø i fleire tiår, og KFUM-Volda
er ein av dei mest aktive klubbane i landet.
Dei siste åra har det vore over 100 born og
unge med i organisert aktivitet innandørs, i
tillegg til vaksne trenarar og leiarar.
Klubben har arbeidd i mange år for å få til
eit sentrumsnært sandvolleyanlegg, både for
å gi eit breiare trenings- og kamptilbod til
eigne aktive og for å stimulere til mest
mogleg uorganisert volleyballaktivitet.
Erfaringane frå andre stader viser at
terskelen for å bruke slike baner er svært
låg, og at dei blir brukte av mange fleire
enn dei som er med på organisert trening
innandørs. Dette ser KFUM-Volda på som svært
positivt.
KFUM-Volda skal byggje og ha ansvaret for
drifta av banene, etter nærare avtale med
kommunen. Banene vil bli bygde etter Norges
Volleyballforbund sine standardar, m.a. med
spesialsand. I deler av året vil KFUM-Volda
ha organisert trening på banene nokre timar
i veka, men det aller meste av tida vil dei
vere fritt tilgjengelege for alle
interesserte. Dette er ein viktig føresetnad
for tiltaket. Banene skal ikkje gjerdast
inne.
Kommunen skal ha ansvaret for stell og
vedlikehald av grøntområdet rundt banene,
som ein del av Årneset-parken.
Volda, 19.6.2006
Torgeir Dimmen
leiar KFUM-Volda
Vedlegg:
Planskisse over utvida friområde på Årneset.
Avtale mellom KFUM-Volda og Volda kommune om
bygging og drift av banene.
Prosjekt
sandvolleyballbaner på Årneset i Volda
Budsjett
Anlegg bane: graving, pukk, duk, rør 207
000*
Spesialsand, inkl frakt og utlegging 165
000*
Rigg og drift 20 000*
Nett, stolpar, banemerking 45 000**
Omramming bane: stokkar m vern 55 000**
Adm. kostnader, prosjektering 15 000
Uføresette kostnader 13 000
Totalt 520 000
* Iflg tilbod frå entreprenør
** Iflg prisliste frå leverandør og
rekneskap frå bygging av tilsvarande bane i
Rjukan
Finansieringsplan
Eigenkapital 10 000
Gåver/tilskot 150 000*
Dugnad/rabattar 50 000
Spelemidlar 2007 (33%) 173 000
Banklån 137 000**
Totalt 520 000
* Kr 100 000 frå Sparebanken Volda Ørsta
(1998 og 2006) og kr 50 000 frå Næringslivet
i Volda sitt kulturfond (2003).
** Søknad om lån (med kommunal garanti) til
Sparebank1 Volda Ørsta i juni 2006.
Formell lånar vil vere Volda kristelege
ungdomslag. KFUM-Volda er ei eining i dette
laget.
Volda, 19.6.2006
Torgeir Dimmen
leiar KFUM Volda
15.11.2005
Prosjekt Årneset må ikkje renne ut i sanden!
Formannskapet i Volda kommune vedtok nyleg å
utsetje saka om utviding av friområdet på
Årneset. Vi i KFUM-Volda er både overraska
og skuffa over dette vedtaket. Dersom ikkje
positivt vedtak blir gjort i denne saka før
årsskiftet, ryk både tippemiddelstøtte for
2006 og tilsagn om finansiering på opptil
100000 kroner. Får vi ikkje dette på plass
no, er det med andre ord overhengande fare
for bråstopp og skrinlegging av eit prosjekt
som i fleire år og heilt fram til no har
hatt brei støtte frå nesten alle hald.
20% til volleyball
Kommunen sine planar om utviding og
oppgradering av det flotte friområdet ved
Rotevatnet – i samarbeid med KFUM Volda – er
fire-fem år gamle. Etter mange og lange
rundar blei reguleringsplanen endeleg
vedteken i vår, og av denne går det fram at
friområdet ved Årneset skal utvidast med
omlag fire mål. Desse skal m.a. gi plass til
fleire og betre parkeringsplassar, eit
vesentleg utvida grøntareal – og to
sandvolleybaner. I areal utgjer desse under
20% av den foreslåtte utvidinga.
Prosjekt Årneset har i utgangspunktet ikkje
vore politisk kontroversielt. Tvert om har
mange politikarar framheva dette som eit
svært flott tiltak, og det er løyvd pengar
til grunnkjøp på 2005-budsjettet. Grunnen
til at det – trass massiv tverrpolitisk
støtte - har tatt så lang tid å få alle
planar og vedtak på plass, er nærleiken til
den omstridde turvegen på nordsida av
vatnet. Og så vidt vi forstår, er
turveg-vedtaket også ei medverkande årsak
til at det har vore vanskeleg å få til ein
friviljug avtale med grunneigaren om dette
prosjektet. Dette beklagar vi sterkt, særleg
fordi den same grunneigaren for fire-fem år
sidan var viljug til å selje grunn til
sandvolleybaner akkurat her.
Årneset for alle
Planane om utviding av friområdet på Årneset
er etter vårt skjøn eit glimrande døme på
samarbeid til glede for fleire partar: Vi i
KFUM-Volda får ein arena som våre aktive kan
bruke nokre timar i veka og som kan auke
rekrutteringa til den idretten som har
profilert Volda desidert mest nasjonalt dei
siste tiåra. Kommunen får eit ferdig anlegg
med ein utbyggingskostnad på fleire hundre
tusen kroner, til fri bruk for alle. Banene
(som også kan brukast til andre aktivitetar
enn volleyball, t.d. fotballtennis og
badminton) er ein naturleg del av eit
kommunalt friområde, ideelt for uorganisert
aktivitet for barn og unge - og vaksne!
Kommunen tar kostnaden med grunnkjøp, vi tar
kostnaden med sjølve utbygginga og ansvar
for vedlikehald og tilsyn, etter nærare
avtale med kommunen. ”Vinn-vinn” kallar ein
slikt i næringslivet. Vi skjønar ikkje at
kommunen har råd til å seie nei til dette.
Vi set sjølvsagt pris på velmeinande,
uforpliktande innspel frå folk som synest
det er for gale at det skal ta så urimeleg
lang tid å få på plass sandvolleybaner i
volleyballbygda Volda. Alle forslaga har
blitt vurderte, men så langt har
konklusjonen frå både årsmøte og styre i
KFUM Volda vore at vi står fast på Årneset
som vårt klare førsteval. Det har å gjere
med heilskapen i dette prosjektet, med
miljøet rundt og at vi her får akkurat den
typen bruk vi ønskjer – m.a. med låg terskel
for uorganisert aktivitet. Vi ser gjerne at
det etter kvart blir bygt sandvolley/strandfotball-baner
også andre stader i Volda, td. på
stadionområdet eller på det nye uteområdet
til Øyra skule, men dette vil i så fall vere
kjærkomne supplement til Årneset-anlegget –
ikkje eit alternativ.
Leseevne og lovnader
Til slutt ein merknad til representanten
Dale, som i følgje referatet i Møre
insinuerte følgjande på møtet i
formannskapet 31.10.2005: ”Vi oreignar noko
dei [KFUM Volda] leiger. Dei har funne ut at
det vert billigare dersom kommunen går inn
og tek det frå grunneigaren med tvang.”
Dersom Dale hadde lese sakspapira, ville han
både ha visst at vi aldri har hatt nokon
gyldig leigeavtale med grunneigaren, og at
det saka gjeld er å utvide eit kommunalt
friområde – ikkje å kjøpe grunn for ein
tredjepart. Vi merkjer oss også med
interesse at den same Dale i Møre 12.11. går
ut med lovnad om raus støtte til tiltak for
barn og unge i Volda. Til orientering: Av
KFUM-Volda sine ca 100 aktive
volleyballspelarar er 95% under 20 år.
Dersom sitatet over er representativt for
leseevne og debattnivå i Volda formannskap,
er vi sterkt uroa for kva utfall saka får
ved neste gongs førehaving. Men vi vel å tru
at dei fleste politikarane les både
tidlegare saksutgreiingar og vedtak, referat
frå møtet om stadionalternativet - og dette
siste innspelet frå oss - på ein samvitsfull
og fordomsfri måte, og at dei held fast på
tidlegare vedtekne planar for utviding og
utvikling av det flotte friområdet på
Årneset.
Volda, 15.11.2005
Torgeir Dimmen
Leiar KFUM Volda
Volda kommune
v ordføraren
Prosjekt Årneset må ikkje renne ut i sanden!
Måndag 31.10.2005 vedtok Formannskapet i
Volda kommune å utsetje saka om utviding av
friområdet på Årneset. Vi i KFUM-Volda er
både overraska og skuffa over dette
vedtaket. Dersom ikkje positivt vedtak blir
gjort i denne saka før årsskiftet, betyr det
ein heilt uventa bråstopp og skrinlegging av
eit prosjekt som i fleire år og heilt fram
til no har hatt brei støtte frå nesten alle
hald.
Utan vedtak i november/desember i år vil
fristen for å søkje tippemidlar i 2006 ryke.
Blir vedtaket negativt, ryk også tilsagnet
om kr 50000 frå næringslivets kulturfond.
Dette fekk vi fjor til bygging av
sandvolleybaner på Årneset – og ingen andre
stader. Kva Sparebanken gjer med sitt
50000-tilsagn frå 1998(!!) er vi usikre på,
men vi reknar med dei også synest det no er
på tide at ting skjer. Med andre ord: Får vi
ikkje dette på plass no, er det overhengande
fare for at vi må starte heilt på berr bakke
– både m.o.t. prosjektering og finansiering.
Kommunen sine planar om utviding og
oppgradering av det flotte friområdet ved
Rotevatnet – i samarbeid med KFUM Volda – er
mange år gamle. Etter mange og lange rundar
blei reguleringsplanen endeleg vedteken i
vår, og av denne går det fram at friområdet
ved Årneset skal utvidast med omlag fire
mål. Desse skal m.a. gi plass til fleire og
betre parkeringsplassar, eit vesentleg
utvida grøntareal – og to sandvolleybaner. I
areal utgjer desse under 20% av den
foreslåtte utvidinga.
Prosjekt Årneset har i utgangspunktet ikkje
vore politisk kontroversielt. Tvert om har
mange politikarar framheva dette som eit
svært flott tiltak, og det er løyvd pengar
til grunnkjøp på 2005-budsjettet. Grunnen
til at det – trass massiv tverrpolitisk
støtte - har tatt så lang tid å få alle
planar og vedtak på plass, er nærleiken til
den omstridde turvegen på nordsida av
vatnet. Og så vidt vi forstår, er
turveg-vedtaket også ei medverkande årsak
til at det har vore vanskeleg å få til ein
friviljug avtale med grunneigaren om dette
prosjektet. Dette beklagar vi sterkt, særleg
fordi den same grunneigaren for fire-fem år
sidan var viljug til å selje grunn til
sandvolleybaner akkurat her.
Planane om utviding av friområdet på Årneset
er etter vårt skjøn eit glimrande døme på
samarbeid til glede for fleire partar: Vi i
KFUM-Volda får ein arena som våre aktive kan
bruke nokre timar i veka og som kan auke
rekrutteringa til den idretten som har
profilert Volda desidert mest nasjonalt dei
siste tiåra. Kommunen får eit ferdig anlegg
med ein utbyggingskostnad på fleire hundre
tusen kroner, til fri bruk for alle som vil
ta det i bruk. Banene (som også kan brukast
til andre aktivitetar enn volleyball, t.d.
fotballtennis og badminton) er ein naturleg
del av eit kommunalt friområde, ideelt for
uorganisert aktivitet for barn og unge (og
vaksne!). Gratis. Kommunen tar kostnaden med
grunnkjøp, vi tar kostnaden med sjølve
utbygginga og ansvar for vedlikehald og
tilsyn, etter nærare avtale med kommunen.
”Vinn-vinn” kallar ein slikt i næringslivet.
Vi skjønar ikkje at kommunen har råd til å
seie nei til dette.
Det er som kjent mange år sidan vi
KFUM-Volda byrja arbeidet med planlegge
sandvolleybaner i eller like ved Volda
sentrum. Lokalisering på Årneset blei
lansert i 1998-99, og har vore vårt
førsteval sidan. Seinare har det stadig kome
innspel om alternative tomter for eit slikt
anlegg – ikkje minst frå utanforståande.
VTI-fotball sin ferske flygeidé om
plassering på stadionområdet er såleis ein
blant fleire.
Vi set sjølvsagt pris på velmeinande,
uforpliktande innspel frå folk som synest
det er for gale at det skal ta så urimeleg
lang tid å få på plass sandvolleybaner i
volleyballbygda Volda. Alle forslaga har
blitt vurderte, men så langt har
konklusjonen frå både årsmøte og styre i
KFUM Volda vore at vi står fast på Årneset
som vårt klare førsteval. Det har å gjere
med heilskapen i dette prosjektet, med
miljøet rundt og at vi her får akkurat den
typen bruk vi ønskjer – m.a. med låg terskel
for uorganisert aktivitet. Vi ser gjerne at
det etter kvart blir bygt sandvolley/strandfotball-baner
også andre stader i Volda, td. på
stadionområdet eller på det nye uteområdet
til Øyra skule, men dette vil i så fall vere
kjærkomne supplement til Årneset-anlegget –
ikkje eit alternativ. (Sjå elles brev frå
oss 28.10.2005 og referat frå møtet mellom
kommunen, VTI fotball og KFUM Volda
8.11.2005.)
Til slutt ein merknad til representanten
Dale, som i følgje referatet i Møre
insinuerte følgjande på møtet i
formannskapet 31.10.2005: ”Vi oreignar noko
dei [KFUM Volda] leiger. Dei har funne ut at
det vert billigare dersom kommunen går inn
og tek det frå grunneigaren med tvang.”
Dersom Dale hadde lese sakspapira, ville han
både ha visst at vi aldri har hatt nokon
gyldig leigeavtale med grunneigaren og at
det saka gjeld er å utvide eit kommunalt
friområde – ikkje å kjøpe grunn for ein
tredjepart. Vi merkjer oss også med
interesse at den same Dale i Møre 12.11. går
ut med lovnad om raus støtte til tiltak for
barn og unge i Volda. Til orientering: Av
KFUM-Volda sine ca 100 aktive
volleyballspelarar er 95% under 20 år.
Dersom sitatet over er representativt for
leseevne og debattnivå i Volda formannskap,
er vi sterkt uroa for kva utfall saka får
ved neste gongs førehaving. Men vi vel å tru
at dei fleste politikarane les både
tidlegare saksutgreiingar og vedtak, referat
frå møtet om stadionalternativet - og dette
siste innspelet frå oss - på ein samvitsfull
og fordomsfri måte, og at dei held fast på
tidlegare vedtekne planar for utviding og
utvikling av det flotte friområdet på
Årneset.
Volda, 15.11.2005
Torgeir Dimmen
Leiar KFUM Volda
Volda kommune
v ordføraren
Prosjekt Årneset må ikkje renne ut i sanden!
Måndag 31.10.2005 vedtok Formannskapet i
Volda kommune å utsetje saka om utviding av
friområdet på Årneset. Vi i KFUM-Volda er
både overraska og skuffa over dette
vedtaket. Dersom ikkje positivt vedtak blir
gjort i denne saka før årsskiftet, betyr det
ein heilt uventa bråstopp og skrinlegging av
eit prosjekt som i fleire år og heilt fram
til no har hatt brei støtte frå nesten alle
hald.
Utan vedtak i november/desember i år vil
fristen for å søkje tippemidlar i 2006 ryke.
Blir vedtaket negativt, ryk også tilsagnet
om kr 50000 frå næringslivets kulturfond.
Dette fekk vi fjor til bygging av
sandvolleybaner på Årneset – og ingen andre
stader. Kva Sparebanken gjer med sitt
50000-tilsagn frå 1998(!!) er vi usikre på,
men vi reknar med dei også synest det no er
på tide at ting skjer. Med andre ord: Får vi
ikkje dette på plass no, er det overhengande
fare for at vi må starte heilt på berr bakke
– både m.o.t. prosjektering og finansiering.
Kommunen sine planar om utviding og
oppgradering av det flotte friområdet ved
Rotevatnet – i samarbeid med KFUM Volda – er
mange år gamle. Etter mange og lange rundar
blei reguleringsplanen endeleg vedteken i
vår, og av denne går det fram at friområdet
ved Årneset skal utvidast med omlag fire
mål. Desse skal m.a. gi plass til fleire og
betre parkeringsplassar, eit vesentleg
utvida grøntareal – og to sandvolleybaner. I
areal utgjer desse under 20% av den
foreslåtte utvidinga.
Prosjekt Årneset har i utgangspunktet ikkje
vore politisk kontroversielt. Tvert om har
mange politikarar framheva dette som eit
svært flott tiltak, og det er løyvd pengar
til grunnkjøp på 2005-budsjettet. Grunnen
til at det – trass massiv tverrpolitisk
støtte - har tatt så lang tid å få alle
planar og vedtak på plass, er nærleiken til
den omstridde turvegen på nordsida av
vatnet. Og så vidt vi forstår, er
turveg-vedtaket også ei medverkande årsak
til at det har vore vanskeleg å få til ein
friviljug avtale med grunneigaren om dette
prosjektet. Dette beklagar vi sterkt, særleg
fordi den same grunneigaren for fire-fem år
sidan var viljug til å selje grunn til
sandvolleybaner akkurat her.
Planane om utviding av friområdet på Årneset
er etter vårt skjøn eit glimrande døme på
samarbeid til glede for fleire partar: Vi i
KFUM-Volda får ein arena som våre aktive kan
bruke nokre timar i veka og som kan auke
rekrutteringa til den idretten som har
profilert Volda desidert mest nasjonalt dei
siste tiåra. Kommunen får eit anlegg med ein
utbyggingskostnad på fleire hundre tusen
kroner som alle innbyggjarane i Volda får
gratis tilgang til, i eit område som høver
ypparleg til uorganisert aktivitet i
sommarhalvåret. Banene (som også kan brukast
til andre aktivitetar enn volleyball, t.d.
fotballtennis og badminton) er ein naturleg
del av eit kommunalt friområde. Kommunen tar
kostnaden med grunnkjøp, vi tar kostnaden
med sjølve utbygginga og ansvar for
vedlikehald og tilsyn, etter nærare avtale
med kommunen. ”Vinn-vinn” kallar ein slikt i
næringslivet. Vi skjønar ikkje at kommunen
har råd til å seie nei til dette.
Det er som kjent mange år sidan vi
KFUM-Volda byrja arbeidet med planlegge
sandvolleybaner i eller like ved Volda
sentrum. Lokalisering på Årneset blei
lansert i 1998-99, og har vore vårt
førsteval sidan. Seinare har det stadig kome
innspel om alternative tomter for eit slikt
anlegg – ikkje minst frå utanforståande.
VTI-fotball sin ferske flygeidé om
plassering på stadionområdet er såleis ein
blant fleire.
Vi set sjølvsagt pris på velmeinande,
uforpliktande innspel frå folk som synest
det er for gale at det skal ta så urimeleg
lang tid å få på plass sandvolleybaner i
volleyballbygda Volda. Alle forslaga har
blitt vurderte, men så langt har
konklusjonen frå både årsmøte og styre i
KFUM Volda vore at vi står fast på Årneset
som vårt klare førsteval. Det har å gjere
med heilskapen i dette prosjektet, med
miljøet rundt og at vi her får akkurat den
typen bruk vi ønskjer – m.a. med låg terskel
for uorganisert aktivitet. Vi ser gjerne at
det etter kvart blir bygt sandvolley/strandfotball-baner
også andre stader i Volda, td. på
stadionområdet eller på det nye uteområdet
til Øyra skule, men dette vil i så fall vere
kjærkomne supplement til Årneset-anlegget –
ikkje eit alternativ. (Sjå elles brev frå
oss 28.10.2005 og referat frå møtet mellom
kommunen, VTI fotball og KFUM Volda
8.11.2005.)
Til slutt ein merknad til representanten
Dale, som i følgje referatet i Møre
insinuerte følgjande på møtet i
formannskapet 31.10.2005: ”Vi oreignar noko
dei [KFUM Volda] leiger. Dei har funne ut at
det vert billigare dersom kommunen går inn
og tek det frå grunneigaren med tvang.”
Dersom Dale hadde lese sakspapira, ville han
ha visst at vi aldri har hatt nokon gyldig
leigeavtale med grunneigaren og at det saka
gjeld er å utvide eit kommunalt friområde –
ikkje å kjøpe grunn for ein tredjepart. Vi
merkjer oss også med interesse at den same
Dale i Møre 12.11. går ut med lovnad om raus
støtte til tiltak for barn og unge i Volda.
Til orientering: Av KFUM-Volda sine ca 100
aktive volleyballspelarar er 95% under 20
år.
Dersom sitatet over er representativt for
leseevne og debattnivå i Volda formannskap,
er vi sterkt uroa for kva utfall saka får
ved neste gongs førehaving. Men vi vel å tru
at dei fleste politikarane les både
tidlegare saksutgreiingar og vedtak, referat
frå møtet om stadionalternativet - og dette
siste innspelet frå oss - på ein samvitsfull
og fordomsfri måte, og at dei held fast på
tidlegare vedtekne planar for utviding og
utvikling av det flotte friområdet på
Årneset.
Volda, 14.11.2005
Torgeir Dimmen
Leiar KFUM Volda
Til Volda kommune v Arne
Eliassen
Rådhuset, Volda
KFUM Volda og Årneset
KFUM Volda har dei siste åra støtta kommunen
sitt arbeid med å utvide friarealet på
Årneset, slik at der m.a. skal bli plass til
to sandvolleybaner. Tidlegare denne månaden
vart vi gjort kjende med at det fanst eit
utkast til legekontrakt mellom klubben og
grunneigaren, frå august 2001. Saka var opp
på styremøte 22.9.2005, og vedlagt her er
uttale og vedtak i denne saka.
Volda, 28.9.2005
Torgeir Dimmen
leiar i KFUM Volda
UTSKRIFT FRÅ STYREPROTOKOLLEN, MØTE
22.9.2005
Sak 16/2005-2006: Årneset
Bakgrunn:
KFUM Volda byrja arbeidet med å etablere
sandvolleyballbaner på Årneset på slutten av
1990-talet. Etter fleire års arbeid med saka
konkluderte klubben våren 2001 med at det
ikkje var aktuelt å eige grunnen sjølve, og
at beste løysinga ville vere å la banene
vere ein del av eit utvida offentleg
friområde. I årsmeldinga for 2001 (godkjent
på årsmøtet 8.5.2001), står m.a. dette:
”Årsmøtet sa vidare at det var ei
forutsetning at kommunen gjekk inn som eigar
av anlegget og at KFUM Volda ville stå for
drifta.” Det vart likevel jobba vidare med
saka, og hausten 2001 vart det laga fleire
utkast til avtale om leige og evt seinare
kjøp. Dette arbeidet stoppa etter kvart opp,
og i referatet frå styremøtet 8.1.2002 (sak
48/02) står m.a. dette: ”Saken har foreløpig
stoppet opp pga. byråkrati. Nemda vil
fortsatt søke tippemidler. Saken må opp på
årsmøtet for vurdering av om klubben kan ta
opp lån til grunnkjøp”. Det skjedde ikkje.
Ulike alternativ til løysingar på
grunnspørsmålet vart altså drøfta så seint
som hausten 2001/vinteren 2002, men saka kom
aldri opp att på styremøte våren 2002 eller
på årsmøtet dette året – eller nokon gong
seinare. Ansvarlege organ i klubben (styre
eller årsmøte) har såleis aldri sett eller
godkjent ferdig avtale om leige og/eller
kjøp. Noverande styre kjenner heller ikkje
til at det eksisterer avtalar underskrive av
leiar eller andre med fullmakt frå styret
til å gjere slik avtale. (Utkastet til
avtale dagsett 15.8.2001 er underskrive av
Magne Hetle, som aldri har hatt styreverv i
KFUM Volda. Han har heller aldri hatt
fullmakt til å gjere avtalar på vegner av
klubben).
Og for ordens skuld: KFUM Volda har aldri
tatt det aktuelle området i bruk. Vi har
heller aldri fått krav om leige frå
grunneigaren.
Vedtak:
Styret i KFUM Volda står fast på tidlegare
styre- og årsmøtevedtak, og støttar kommunen
sitt arbeid med å utvide friområdet på
Årneset slik at det kan byggast to
sandvolleybaner på området bak
sanitærbygget. Vi ynskjer ikkje å eige eller
leige det aktuelle området sjølve.
|
|