|
Planlegging,
gjennomføring og opprydding.
Laga tenar pengar til
lagskassa ved kioskdrift.
Planlegging:
Aktuelle lag må planlegge desse arrangementa
og stille med nok funksjonærar.
Brusautomaten er plassert ved
inngangspartiet. Om den må påfyllast kontakt
Svanhild Iversen Mo».
Fordele oppgåvene kioskvakter og levering av
mat i foreldregruppa. På lagsida til U12 er
det liste over innlevering av mat til Volley
2000 turnering. På lagsida til JU16 er det
liste over arbeidsoppgåver ved ei Volley
2000 turnering.
Ta med pennar til dommarane, og ha fløyter
til dommarar som ikkje har sjølve.
Innkjøp: Mat, les under forslag til prisar.
Når du planlegg prisane bør det vere ca 50%
forteneste.
Har du andre idear til kva som
kan seljast i kiosken planlegg du det i
staden, men unngå sal av godteri.
Søppelsekkar, oppvasktvåger,
serviettar (250 stk turnering 21 lag),
pappbeger.
Vekslepengar, ca kr 1000 i småpengar frå
laget si kasse.
Rydding.
Kiosken i Voldahallen er
av nyare dato, og Handball og Volleyball
har felles utstyr i kiosken.
Kiosken bør opne 1,5 time før første kamp,
og det første som vert etterspurt er ofte
varme pølser.
Det kan vere to personar samstundes, fleire
om det er venta mykje folk.
Forslag til eit arrangement med kampar frå
12.00 til 15.00:
1.person kl 10.30 til 13.30. Tørk av borda i
gangen, legg på duk og tenn te-lys.
2.person kl 11.00 til 13.30
3. og 4. person frå kl 13.30 til 15.00
Dei to siste ryddar og avtalar med kasserar
kven som set pengane inn på laget sin konto.
Sjå over garderobene og samle flasker. Samle
inn volleyballar som har kome inn i
garderober og ut i gangen.
Forslag til prisar
Brus kr 15
for sal i kiosken. Straumen til
brusautomaten kan koplast ut under
turneringa. Sett handballen sine pantekasser
inn på lageret og set dei på plass når
turneringa er over.
Kaffi / te kr 10
Kaffitraktar og kaffikanner
med skrukork er i kiosken. Kjøp inn
pappbeger, filterkaffi og kaffifløte. Ta med
kaffifilter for sikkerheits skuld, dei som
ligg i KFUM Volda skapet kan brukast, men
det kan vere tomt. Volley 2000 turnering 21
lag: 4 posar kaffi og ca 150 pappkrus.
Kakestykke kr 10
Heimebaka skuffekake, ei middels stor
skuffekake delast i om lag 36 kakestykker. 2
skuffekaker er høveleg ved 9 kampar ein dag.
Volley 2000 turnering 21 lag: 4-5
skuffekaker. Unngå sal av godteri i kiosken,
det er usunt og det er dessutan lite pengar
å tene. Om ein sel sjokolade eller anna
godteri vil det også gå ut over salet av
kake.
Vaffel
Vaffeljarn lagra i kioskbagen på Uppheim.
Svanhild Iversen Moe har nøkkel til Uppheim.
Svele
4 porsjonar svelerøre a 2 liter høver
til turnering med 21 lag. Takke i kiosken.
Ta med gryteklutar. Kjøp inn smør, sukker og
sylte til svelene.
Frukt kr 5
Banan. Ofte er det
tilbod på butikkane, kjøp gjerne inn fleire
sortar frukt. Det går mest banan. Skyl eple
og pærer før sal.
Bagettar kr 15
Porsjonar a 15 stk med heimebaka / nysteikte
kjøpte bagettar, påsmurte og med skinke, ost
og salat. Enkelte også med tomat og agurk.
75 stk er høveleg ved 9 kampar på ein dag.
Kanskje det er like populært om ein ikkje
klapsar saman bagettane, men sel dei som
smørbrød for kr 10 per stykk.
Pizza kr 10
Ferdigpizza oppdelt, lønner seg om ein
kjøper inn rimeleg. Rekn ut om det lønner
seg.
Volley 2000 turnering 21 lag: 10 ferdigpizza
av ulike sortar, men då vart det også selt
pølser. Om ein ikkje sel pølser går det meir
pizza.
Pølse med brød kr 10
Lønsamt, enkelt og populært. Pølsekokar på Uppheim
eller i kiosken, Margrete Apelseth Skaare
har nøkkel til Uppheim. Eller bruk ei stor
gryte med vatn med buljong og trekk pølsene
i 20 minutt, bruk gjerne 2 gryter for å
veksle på når pølsene skal verte ferdige. Volley 2000 m 21
lag: 90 pølser + brød. 1flaske ketchup og 1
flaske sennep. Pølsepapir i kioskbagen på
Uppheim og i
KFUM Volda skapet. |