I klubbhandboka har styret prøvd å
samle del viktig informasjon om drifta av klubben, som styrevedtak,
årsmøtevedtak, diverse retningslinjer og instruksar. I tillegg er det
etablert mange tradisjonar og uskrivne reglar for korleis ein del oppgåver
skal løysast. Vi trur det er nyttig for alle i klubben at det viktigaste av
dette blir gjort lett tilgjengeleg. Ikkje minst er det då enklare for nye
trenarar, oppmenn og tillitsvalde å finne svar på mykje av det ein lurer på.
Første versjon av klubbhandboka
vart laga hausten 2003. Seinare versjonar har blitt reviderte og utvida med
nokre avsnitt, og vi vonar på konstruktive innspel om moglege tillegg og
rettingar til neste versjon. Slike merknader kan meldast på e-post eller
telefon (sjå liste under).
Denne adressa skal nyttast til all post til klubben. Post som gjeld
hovudlaget skal normalt ikkje sendast til privatadressa til leiar eller
andre tillitsvalde.
NB: Meldingar frå krinsen
til klubbar, trenarar og andre tillitsvalde kjem normalt berre som e-post –
evt. supplert med telefon. Det er difor viktig at alle sjekkar eigen
e-postboks ofte. Den viktigaste informasjonen er også å
finne på www.volleyball.no
- Region Midt
Voldahallen:Utleige (Volda kommune): tlf 7005870
TRENARAR OG LEIARAR I KFUM VOLDA
for sesongen 2009 - 2010
Forholdet mellom hovudlaget
og dei einskilde treningspartia
Dagens modell vart etablert på 90-talet: Kvart treningsparti har
stort økonomisk og administrativt sjølvstende. Dei har eigen bankkonto og
ansvar for eigen økonomi. Kvart parti må også syte for å utnemne oppmann og
kasserar.
Oppmannen for kvart parti
har ansvar for:
Det praktiske rundt laget
Lage spelarliste i samarbeid med
trenar og levere til kasserar Gudrun Rotevatn
Organiserer køyring til kampar og
turneringar
Rapportere resultat i Cupassist
Om oppmannen ynskjer å registrere
lisensar har styret passord.
Kasseraren for kvart parti
har ansvar for:
Lagskassa og skal ha tilgang til
konto
Vekslepengar ved arrangement
Å levere eit oversyn over
lagskontoen til årsmeldinga
Oppbevare ferjekortet til laget
og krevje det tilbake etter bruk
Dersom laget vert oppløyst har
kasseraren ansvar for at kontoen blir sletta og beløpet blir overført til
hovudlaget sin konto
Leige av Voldahallen eller
Idrettsbygget:
Ingen andre enn styret – eller den
styret uttrykkjeleg har gitt fullmakt – har mynde til å leige Voldahallen på
vegne av klubben. Dersom hallen blir leigd til ekstratreningar, turneringar
e.l. (dvs. utover ordinært tildelt treningstid) skal det gjevast skriftleg
melding til utleigar om føremål og kven som skal ha rekninga. Ansvarleg
kontaktperson skal også førast på.
Leige av buss:
Kvart einskild lag har ansvaret for
å organisere reise til kampar og turneringar. Dersom ein leiger buss frå
Folkehøgskulen, Ørsta Vidaregåande skule, Mørebil eller andre, skal det
presiserast skriftleg i avtalen med utleigar kva føremålet med turen er og
kven som skal ha rekninga. Ansvarleg kontaktperson skal også førast på.
Inntekter
Hovudlaget: Medlemskontingent, offentlege tilskot,
overføring frå avvikla lagskasser, sponsing, prosjektmidlar
Lagskassene: Kiosk ved eigne turneringar,
eigendelar frå spelarane, evt. tilskot frå hovudlaget, sponsing.
Utgifter: Kven dekkjer kva?
Hovudlaget:
Hall-leige for ordinær trening
Ballar og anna utstyr i
Voldahallen, speledrakter (trøyer), medisinskrin
Påmeldingsavgifter til serie og
KM/SM/NM og rankingturneringar
Lagskontingentar til NVBF og
KFUM/KFUK
Andre utgifter til fellestiltak
for klubben
Tilskot til utgifter knytt til
deltaking i SM/NM – dersom økonomien tillet det.
Tilskot til nyoppretta lagskasser
Bøter til NVBF for forhold som
gjeld klubben generelt
Heilt eller delvis dekking av
kostnad for dommarkurs og trenarkurs
Lagskassene:
Reiseutgifter og evt
opphaldsutgifter til kampar og turneringar
Evt. dommarutgifter
Påmeldingsavgifter til kampar
eller turneringar utanom seriespel og KM/RM/NM
Bøter for manglande frammøte til
kampar o.l.
Kvar einskild
spelar:
Medlemskontingent til klubben
Individuell lisens (for alle som
spelar i 15-, 17- og seniorseriane)
Bukse, sko, knebeskyttarar,
overtrekksdress
Evt. eigendel dommarkurs og
trenarkurs
Evt. eigendel til reiser. (NB:
Dette blir praktsiert ulikt frå lag til lag)
å levere tombolagevinstar, delta
på dugnader og evt. andre fellestiltak på Uppheim
Volleyballkrinsen
Hall-leige for seriespel og KM/SM/NM
Tilskot for å dekkje kostnad ved
dommarkurs og trenarkurs
Påmelding skjer ved å trykke på turneringens navn. Du blir da sendt
over til CupAssist.
Kampoppsett og resultater vil komme på samme side etterhvert som det blir
publisert.
Påmeldingsfristen er 14 dager før turneringen.
Påmelding skjer ved å trykke på turneringens navn. Du blir da sendt
over til CupAssist.
Kampoppsett og resultater vil komme på samme side etterhvert som det blir
publisert.
Påmeldingsfristen er 14 dager før turneringen for U16 og U17 og en uke for
U14/1U12
Klubbkontingenten blir bestemt på
årsmøtet. Summen er gradert, slik at spelarar på dei eldste partia betaler
mest og dei yngste minst. Klubbkontingenten dekkjer kontingentar,
påmeldingsavgifter og andel av driftsutgifter til volleyballforbundet
regionalt og sentralt, dessutan hall-leige, ballar, drakter, utstyr og andre
fellesutgifter for klubben. KFUM Volda betaler også medlemsavgift til Norges
KFUM-KFUK.
Alle som
spelar kampar på U16-nivå
eller eldre må betale individuell lisens til NVBF. Det er ikkje
lisens for spel i volley 2000-turneringar eller U14-meisterskap. (Merk:
Lisenskravet er knytt til serie/turnering, ikkje til faktisk alder på
spelaren. 11-12-13-åringar som spelar U16-kampar må altså betale lisens).
Styret registrerar spelarane, og sender ut liste med
oversikt over betalte lisensar. Oppmann eller trenar på kvart lag har
ansvar for å legge fram dokumentasjon for
registrert/innbetalt lisens for sekretariat eller dommar i samband med
alle kampar kampar og turneringar.
Spelarar som ikkje har betalt
kontingent og lisensandel i rimeleg tid etter betalingsfristen, vil bli
strokne frå listene over registrerte spelarar, og misser dermed retten til å
spele for klubben.
Spelarar som ikkje har betalt
kontingen og lisens er heller ikkje dekka av NVBF si forsikringsordning.
Satsar medlemskontingent KFUM Volda 2008 - 2009
(vedtatt på årsmøtet i april 2008):
Senior kr. 1 200
U19 kr. 1 200
U17 kr. 1 000
U16 kr. 800
U14 kr. 600
U12 og Rekrutt og kr. 400
Veteran kr. 400
Støttemedlem kr. 300
Familie kr. 1 500
Når
skade antas å gi rett til erstatning, skal skaden straks meldes på eige
skademeldingsskjema som sendast til:
IF, Postboks 240, 1326 Lysaker.
Telefon 6784 0470.
Polisenr. er: 2272563.
Ved skade
under konkurranser, må skademeldingen bekreftes/attesteres av arrangør eller
lagleder. Ved skade under trening/reiser må skademeldingen bekreftes av
trener eller lagleder.
Pr februar 2008 har KFUM Volda (hovudlaget) sponsoravtale med Sparebanken
Møre, Scana,
Brænne Mineralvatn og Tussa. Nokre av laga har dei siste
sesongane hatt eigne avtalar med ein eller fleire sponsorar. Slike initiativ
skal samordnast og godkjennast av hovudstyret v. leiraen. Dette for å unngå
at laga ”stel” sponsorar frå kvarandre eller frå hovudlaget. Det er også
uheldig at aktuelle sponsorar blir kontakta av ulike folk frå ulike parti og
som ikkje veit om kvarandre.
Treningar, heimekampar og
turneringar i Voldahallen
Oversyn seriekampar og turneringar: sjå ww.volleyball.no/Region Midt
Merk påmeldingsfrist til turneringar: TO VEKER
Oppmennene og trenarane er sjølve ansvarlege for å vere orienterte om
terminlister og aktuelle turneringar, inkludert påmeldingsfristar.
Til seriekampar og evt. KM (krinsmeisterskap) og SM (sonemeisterskap) blir
hallen bestilt av MRVK. Dei betaler også hall-leiga.
KFUM Volda har arrangøransvar for kampar og turneringar i Voldahallen. I
praksis betyr dette at det er det laget/dei laga som skal spele som har
ansvar for rigging av baner (i god tid før første kamp), sekretariat,
infoteneste og kiosk.
Laga må er sjølve syte for å få tilgang til ballar, kampskjema, tavler og
evt. anna som trengst for kampavviklinga. Dersom oppmannen sjølv ikkje har
nøkkel til utstyrsskapet, må han/ho avtale ordning med ein av klubben sine
materialforvaltarar. Også nøklar som gir tilgang
til lydanlegget.
Ansvarleg arrangør har ansvar for at kampskjema blir rett og fullstendig
utfylt og sendt til MRVK første kvardag etter kamp/turnering.
Nokre seriekampar er lagt til treningstid i veka. Då kan det forekome at
andre parti må vike plass heile eller deler av si trening denne dagen. Ved
kampar i helga blir hallen låst opp av folk frå kommunen når avtalt leigetid
byrjar, vanlegvis ein time før første kamp. For sikkerheits skuld bør dette
sjekkast seinast i løpet av fredag. Kommunens vakttelefon i helga: 41692927
Tombola og kiosk
Kiosk i
Voldahallen i samband med turneringar er tradisjonelt den viktigaste
inntektskjelda til lagskassene. Her går heile overskotet direkte inn i
lagskassa (eller kassene, viss det er fleire lag som er med som arrangørar)
Tombola: Lensmannen har ansvaret for tildeling av
tomboladagar på REMA 1000, RIMI og ved CUBUS. Dette skjer to gonger i året.
Hovudlaget søkjer, og fordeler tildelte dagar til dei ulike partia.
NB: Iflg styrevedtak ca 2001 skal 10% av overskotet frå tombola inn til
hovudlaget. Uvisst om dette har blitt følgt opp i praksis sidan
Ballar: Hovudlaget har ansvaret for at alle
treningspartia mange nok og gode nok ballar. Trenarane får nøklar til kasser
i Hallen.
Drakter (trøyer): Hovudlaget har også ansvaret for
å kjøpe inn draktsett til alle laga. Oppmann eller trenar på kvart lag har
ansvaret for draktene i løpet av sesongen.
Ved sesongslutt skal draktene leverast inn til materialforvaltaren, slik at
klubben heile tida kan ha eit samla oversyn over draktsetta.
Anna utstyr til kampavvikling og trening er å
finne i skapa på eine garasjetaket i Hallen.
Stenger og nett: Høyrer til i Voldahallen (evt.
Idrettsbygget eller Bratteberg skule). Dvs. at det ikkje er KFUM Volda, men
Volda kommune som har ansvar for innkjøp og vedlikehald av dette utstyret.
Forhold til KFUM KFUK – Uppheim
KFUM Volda er, som namnet fortel,
ein volleyballklubb som er ein del av organisasjonen NKUF (Norges
kristelige ungdomsforbund). Vi betaler ein kontingent for denne
medlemskapen. I praksis betyr elles denne tilknytinga at vi er ei av fleire
einingar med base på Uppheim. Her har vi eit kontor, og vi nyttar huset
gratis etter behov. Vi har også plikter knytt til drifta av huset, m.a.
dugnadar og ansvar for avvikling av tombola og messer. Andre bidrag kan også
vere aktuelle.
Faste bidrag: tombolagevinstar til julemesse i november/desember og til
Uppheim-messa (om våren)
Alkohol- og stoffbruk i samband med trening, kamp eller reise til kamp i
KFUM Volda sin regi vil ikkje bli akseptert. Slike episodar vil føre til
bortvising frå kamp og trening.
Dette er eit punkt som må
vere mykje meir detaljert og som vil bli drøfta skikkeleg på eit leiarmøte
eller på neste årsmøtet. Slike retningslinjer må også samordnast med NIF og
NVBF sine reglar.
Styret og deira oppgåver
Leiar
Kasserar
Sponsoransvarleg
Brus og kiosk
Web
Arbeidsoppgåver for styremedlem i KFUM Volda med ansvar for brus og kiosk.
1.Ha ansvaret for kiosknøklar til kiosken i
Voldahallen. Alle lag som er interessert i å ha kiosk ved arrangement, får
ein nøkkel utlevert. Den personen i laget som har ansvaret for å organisere
kiosken får ansvaret for nøkkelen. Denne beheld dei til dei ikkje har bruk
for den lenger, då skal den leverast tilbake. Vi har 7 nøklar, det
ansvarlige styremedlemet må ha ein av dei.
2.Når det gjeld brusautomaten, har
vedkomande ansvar for å fylle den til alle arrangement som KFUM-Volda
arrangerer. Vi får ein del bruskasser som sponsing frå Volda Mineralvatn.
Desse hentast etter behov på brusfabrikken i Furene. Etter arrangement i
Voldahallen skal det vere vatn med og uten kolsyre i automaten, alt tomgods
blir samla saman og brusautomaten tømast for pengar. Pantepengane slåast
saman med pengane frå automaten og settast inn på konto i Sparebank1. Når
det er slutt på den sponsa brusa, hentar vi meir etter behov og får rekning.
All pant får vi også rekning på. Alle rekningar blir sendt til kasserar i
laget, men skal betalast frå bruskontoen i sparebank1. Dette ordnar den som
har ansvaret for brus/kiosk.
3.Pengane skal gå til div.
opprusting/oppgradering i Voldahallen. Representantar frå Volda Handball og
KFUM-Volda skal i samråd bestemme kva pengane skal brukast til.
4.Vi har fått 4 fine pokalskap i
Voldahallen, to disponerer KFUM-Volda og to disponerer Volda Handball. Den
som er kiosk og brusansvarlig har ansvaret for å sette inn nye pokalar og
evt. omrokkere dei som er der, slik at dei nyaste blir plasseerte i skapet
til venstre og at det tek seg fint ut. Alle som har pokalar dei vil ha inn i
skapa må henvende seg til kiosk og brusansvarleg i styret.