KFUM Volda


Volleyball
og
sandvolleyball
i Volda

 

 

Turnering
Heimelaget/heimelaga har arrangøransvar, og det er fint om aktuelle oppmenn og trenarar planlegg både kiosk og teknisk arrangement i god tid.


 

Lisens:

Alle som spelar i 16-, 17- og seniorseriane MÅ ha lisensen i orden. Dokumentasjon på dette skal leggast fram for sekretariatet på kvar kamp/turnering. Elles kan det bli bot, og den må laget sjølv betale. Styret i KFUM Volda registrerar spelarane som har levert Spelar påmeldingsskjema»


Voldahallen
Kretsen tingar halltid med Volda kommune. Før kampoppsettet vert endeleg bestemt må laget som har ansvaret for arrangementet kontrollere med Volda kommune at det ikkje er endring i tidspunktet hallen er leigd.  
Laget tek også kontakt med Servicekontoret i Volda kommune nokre dagar før arrangementet for å avtale å hente nøkkel. Nøkkelen må som oftast hentast på fredag.
E-post  : postmottak@volda.kommune.no
Telefon: 70 05 87 00
Faks: 70 05 87 01
 

Oppgåver i høve turnering
 

  • Oppmenn og trenarar planlegg både kiosk og teknisk arrangement i god tid.
     
  • Turneringsansvarleg, ein person.
    Sender gjerne melding direkte til laga og minner dei på å melde seg på i Cupassist.
    Kretsen vil kontakte turneringsansvarleg for gjennomgang av kampoppsettet. Det er best å dele opp ei Volley2000 turnering i U12-turnering og U14-turnering, der alle U12 kampane er ferdige før U14-turneringa startar, og i tillegg må det settast av tid mellom U12 og U14 kampane til til premiering.
    Turneringsansvarleg kan lage informasjonsskriv til dei påmelde laga, avtal med kretsen kven som skal lage dette.
    Turneringsansvarleg samlar lagleiarane minst 30 minutt før turneringa tek til og går gjennom reglar, eit møte før U12 turneringa og nytt møte før U14 turneringa. Eller avtalar med trenarar frå KFUM Volda å leie møta. Hugs at laga må ha tid til oppvarming.
     
  • Premiar til alle som deltek på U12. Sparebanken Møre har vore svært hjelpsame med å stille med populære premiar. Andre gangar har alle spelarane på U12 fått kvar si brus, som også har vore midt i blinken.
    Medaljar, og i tillegg gjerne pokal, til første-, andre- og tredjeplass i U14 turneringa, både til jente- og gutelaga. Det er dessutan veldig populært om også alle som har vore med på U14 får premie.
     
  • Sekretærar, minst to personar
    Skriv ut alle kampskjema før turneringa. Før kvar kamp skal dommaren ha kampskjemet for gjeldande kamp.
    Kretsen sender kampskjema til turneringsansvarleg ved Volley 2000 turnering.

    I våre Volley2000 turneringane har setta starta på 12 poeng, det vert ikkje spelt på tid men på resultat.

    Sekretæriatet hentar kampskjema og registrere resultatet.
    KFUM Volda har programmet Cupassist der resultat av kampane skal leggast inn fortløpande. Laga i sluttspelet vil då kome opp i programmet automatisk.

    Heng gjerne opp resultatet av kampane på eit stort ark på veggen ved døra i hallen, slik at det ikkje vert så stor pågang på sekretæriatet.

    Skriv ut eit  Konkurranseskjema» til kvar kamp om du ikkje får dei tilsendt frå kretsen.

    Dette gjeld ikkje Volley2000 turneringar:
    Skjema til spelarregistrering og kontroll av lisens finn du her» Skriv ut eit skjema til kvart lag.
    Ved turnering er det turneringsansvarleg (teknisk arrangør eller  sekretariatet) som skal kontrollere lisensen for kvar enkelt spelar. Spelarar som ikkje har betalt lisens skal ikkje spele, laget får bot som laget må betale sjølve. Bota kan vere på fleire tusen kroner.
     
  • Rigging av baner, minst to personar.
    Start med dette om lag 1,5 time før første kamp om hallen skal delast i 4 baner med delevegg mellom sal 3 og sal 4.
    Skal 3 baner brukast vert det 3 gode baner ved å slå saman bane 3 og bane 4, og bruke eit stort nett på denne bana. Dette tek om lag 0,5 time, start derfor 1 time før turneringa.
    I Volley 2000 turneringar treng ikkje deleveggane å vere nede.
    Laga skal ha tid til oppvarming før kampane startar.
     
  • Matchball og minimum 6 tilfredsstillende ballar av same merke til motstandaren.
     
  • Dommarar. Tinge dommarar og sende påminning.
    I turneringar der laga er sett opp som dommarar vert det forseinkingar. Start turneringa med eigne dommar for å kome i gang i rett tid. Det mest praktiske er å ha eigne dommarar på plass i alle kampar.

     

    Dommarane skal ha betaling, dette gjeld i aldersbestemte klasser. Dommaren skal vere på plass i hallen seinast 30 minutt før kampstart, og må stille i korrekt antrekk.
    Dommarane skal føre opp på kampskjema spelarar som ikkje har gyldig lisens.
    I turneringar kan laga verte sett opp til å døme sjølv eller døme kvarandre. Dommarkomiteen ynskjer oppsette dommarar på alle serie- og turneringskampar.

    Når det er oppsett dommar skal arrangøren sende påminning til dommarane seinast tre dagar før kamp. Send påminninga som post, e-post eller SMS.
    Adresse til dommarane finn ein ved å klikke på namnet til dommaren i kampoppsettet på n3sport.


     

  • Det skal vere kiosk»
    Fordele oppgåvene kioskvakter og levering av mat i foreldregruppa. Det bør vere to personar i kiosken samstundes, fleire om det er venta mykje folk.

    Kontakt
    kiosk - og brusansvarleg i styret om brus i automaten.
     
  • Kasserar syter for at minst kr 1000 i vekslepengar frå lagskassa som skal vere på plass i kiosken i god tid før første kamp.
     
  • Spelarane på laget skal ha like drakter (minimum like overdeler) som er nummerert frå 1 til 18.
     
  • Rapportering av resultat:
    Resultat frå U12 skal ikkje rapporterast, elles skal alle seriar, 2. divisjon og U16 og U17 rapporterast. Når det vert arrangert kampar av KFUM Volda skal lagleiaren rapportere resultatet på nettet i Cupassist.

     

    Kampskjema skal sendast til Norges Volleyballforbund, 0840 Oslo, seinast første kvardag etter kampen. Om ikkje rapporteringa vert gjort får laget bot frå NVBF.

     

    Om det er vanskeleg å registrere resultat på nettet i Cupassist kontakt Margrete Apelseth Skaare 70076216 / 95208351.

     

    Dersom kretsen har sendt fila med kampoppsettet kan resultatet leggast inn direkte i Cupassist og publisast på nettet, det er ikkje breiband i hallen så kople til nettet heime etter turneringa og legg ut. Fila må også sendast tilbake til kretsen. Få stadfesta at med kretsen at dei ikkje treng å få innsendt kampskjema.

     

     

 

 

KFUM Volda
Postboks 228
6101 Volda

Kontonummer
Sparebanken Møre
3910 33 92660

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
   
 
   
   
   
   

 


relage