| |
Luftig sjokoladekake i
langpanne med lys krem. Super til
barneselskap!

Kvikklunsjkake
Set steikeomnen på 180 grader.
Steiketid 25-30 minutt.
4 egg
5 dl sukker
275 g smelta smør
2 dl mjølk
7,5 dl kveitemjøl
4 ts bakepulver
4 ts vaniljesukker
4 ss kakao
Pisk egg
og sukker til eggedosis (luftig og
nesten kvit.)
Smelt smøret og avkjøl det litt. Hell
smøret i eggedosisen og rør med ei
sleiv.
Mål opp mjølk og rør inn.
Mål opp kveitemjøl, bakepulver,
vaniljesukker og kakao og rør inn.
Smør godt ei langpanne med smelta smør
eller legg bakepapir i forma. Hell i
røra. Steik i ca
25-30 min på 180 grader, nedst i
omnen. Kaka er ferdig når den losnar
frå kantane på langpanna,
eller stikk med ein strikkepinne i
kaka for å sjå om det heng fast rå
deig.
Sett langpanna på rist for avkjøling -
det er ikkje naudsynt å ta kaka ut av
langpanna. Legg kjøkkenhandkle over og
lat den stå til avkjøling. Mens kaka
vert avkjølt tek me til med kremen.
Krem:
Oppskrifta på krem kan doblast om du
vil.
3 ss kald kaffi (Om du ikkje har kald
kaffi så kok opp 1 dl vatn og trekk
gryta av plata. Tilsett 1ss
kaffipulver og la det avkjøle i 10
min. Mål opp med skei kaffien du skal
bruke i glasuren).
150 g smør
1 1/2 ss kakao
1 1/2 ts vaniljesukker
300-400 g melis
Rør saman alle ingrediensane til
kremen er lys, det vert best resultat
med kjøkkenmaskin.
Kaka bør
vere ganske avkjølt før ein smørjer
utover glasuren, legg handa på og
kjenn at kaka ikkje er over handvarm.
Dryss på pynt om du vil, for eksempel
strøssel eller kokos. Gjer dette med
ein gang du har hatt på kremen, elles
vert pynten laus.
Kaka kan frysast. Om
du skal ta med kake til dugnad eller
skuleavslutning kan du legge
kakestykka på eit pappstykke som du
kler med aluminiumsfolie, så slepp du
å leite etter fatet når festen er
slutt. |
|