|
Mallorca
På
den
spanske øya
Mallorca har det vore turistar i
generasjonar, og her er det vel tilrettelagt
for turistar. Her består ferien av sol, bad
og god mat, og om ein vil kan ein få med
fine kulturopplevingar og fine bygg. Her er
mykje å sjå og oppleve, og ein rekk ikkje
over så mykje på eit par veker.
Hovudstaden heiter
Palma.
Alfabia Gardens er ein kulturarvhage
i nærheita av Tramuntana-fjella. Eit
minikurs
i spansk med nokre nyttige uttrykk kan gjere
ferien kjekkare.

Nord på Mallorca ligg den veletablerte
badebyen
Puerto Pollensa. Den gamle byen
Pollensa ligg om lag 6 km lenger inn på øya
i forhold til hamna i porto Pollensa.

I Porto Pollensa er det
fin sandstrand
med områder for utleige av parasollar og
senger, og det er strandkafear med toalett.
Her er vatnet litt grumsete, så snorklane
kan ein i staden bruke på Piedra om ein
tek badebåten dit. Men av og til ser ein
fiskestimar med små grå fiskar. Det er
enkelte undervassberg som ein kan skrape seg
på, så det er lurt å vere forsiktig til ein
har oppdaga kvar dei er.

På hamna i
Porto Pollensa ligg det mange båtar, frå små
fargerike fiskebåtar til dei største
lystbåtar.

Det er fin strandpromenade langs
badestranda, vegen mellom strandpromenaden
og butikkane har stor trafikk. Om
kvelden er det mykje folkeliv i gatene,
turistane er gjerne familiar på ferie og
velståande ferierande frå lystbåtar. På
dei små sandstrendene, ved dei fine hotella
ved gågata, var det høgtideleg og nøyaktig
arbeid når sandslotta skulle utvidast og forskjønnast. Om kvelden var det tente lys i
slotta og det vart sett fram små bøtter til
å legge eit bidrag i.

Tapas og sangria fann vi på ein kafe i
Pollensa.
|