| |
 |
|
| |
Standaleidet i
Ørsta». |
|
| |
|
|
| |
 |
|
| |
Jugendbyen
Ålesund»
kan ein også sjå frå sjøsida, det er
både nye og gamle båtar som går til
ulike tider. I høgsesongen er det båttur
kvar onsdag med Borgundknarren frå
museet
Borgundgavlen».
Atlanterhavsparken har akvarium med
lokale fiskeslag, og det gå dykkarar ned
og matar fiskane. |
|
| |
 |
|
| |
Det er
fantastisk utsikt over Ålesund frå
Fjellstua». Fjellstua kan ein enten
køyre til, ta buss eller gå alle
trappene. |
|
|
Møre og
Romsdal
Dei mest kjende attraksjonane i fylket er
Atlanterhavsvegen»,
Sunnmørsalpane»,
Geirangerfjorden og Dalsnibba i
Geiranger»,
jugendbyen Ålesund»
med
Fjellstua»,
Trollstigen» og
fugleøya
Runde». Djupe fjordar omkransa av høge fjell, storhavet med vidt utsyn og
sandstrender, byar og tettstadar med stort utval i butikkar og
kjøpesenter, hotell og campingplassar.
Det er 38 kommunar i fylket:
Molde»,
Kristiansund»,
Ålesund»,
Vanylven,
Sande,
Herøy,
Ulstein,
Hareid,
Volda,
Ørsta, Ørskog,
Norddal»,
Stranda,
Stordal»,
Sykkylven,
Skodje, Sula,
Giske», Haram, Vestnes,
Rauma»,
Nesset»,
Midsund»,
Sandøy», Aukra, Fræna, Eide,
Averøy», Frei, Gjemnes,
Tingvoll»,
Sunndal»,
Surnadal», Rindal,
Aure» Halsa, Tustna,
Smøla»
| |
|
|
| |
|
|
| |
 |
|
| |
Fugleøya
Runde ligg i Herøy kommune.
Runde er det sørlegaste fuglefjellet
i Skandinavia, og Runde er også
kjend som skatteøya. Millionar av
sjøfugl hekkar her. Øya er freda,
men det går daglege omvisningsturar
med båt rundt fuglefjellet. Det er
også lett tilkomst til fots på merka
stiar, i boka
Fotturar på Sunnmøre» finn du
turane.
Transport
Flybillettar, overnatting»
Flyavgangar og status
Avinor»
Ferjeruter:
Tide»
Fjord1»
(ferry/Fähre/bac/transbordador/traghetto)
AutoPASS Eiksunsambandet»
Lokalbuss og ekspressbuss»
Timeekspressen» |
|
| |
Reisetips:
Atlanterhavsvegen»
På den
vesle øya Ona i
Sandøy»
kommune er det fiskevær, på fine
sommardagar kan ein bade på
Storsanden. Frå Ona fyr kan ein nyte
utsikta mot storhavet i vest, øyane
omkring og Romsdalsfjella på
fastlandet.
Om lag 1 mil frå
Norddal er det
seterdrift i
Herdalen»,
der er det 450 geiter som vert
mjølka av budeier. Kafé og høve for
overnatting om sommaren.
Trollstigen»
og Ørnesvingane går mellom Åndalsnes
og Geiranger. På Åndalsnes er
jernbana
Raumabanen», og i sommarsesongen
vert det køyrt guida turar med eit
gamalt damplokomotiv mellom
Åndalsnes og Bjorli.
Geiranger»
med Geirangerfjorden og Dalsnibba i
ligg i Stranda kommune.
Geiranger kom med på
verdsarvlista til Unesco»
i 2005. I Geiranger er det bratte
gardar der ingen skulle tru at nokon
kunne bu. Det er fleire
overnattingsmoglegheiter, alt frå
hotell med god standar som Hotel
Union til å overnatte på dei gamle
gardane. På ei fjellhylle i
Storfjorden 225 m over havet, finn
du museumsgarden
Ytste Skotet Tlf: 70 17 40 00.
Ytste Skotet er ein veglaus gard som
ein må bruke båt for å nå. Det er
høve til overnatting.
Ferjeruter Geiranger:
Fjord1» Om sommaren går
Hurtigruten»
til Geiranger.
Sightseeingturar med
62°Nord»
Geiranger - Ørsta via
Norangdal». I Norangdal ligg
restane etter ei seter under vatn.
Her gjekk eit ras som demde opp
vatnet for 100 år sidan. I Ørsta er
det mange kjende fjelltoppar som
Slogen, Kolostinden, Fingeren og
Saudehornet.
Hotel Union på Øye»
er eit
staseleg, gamalt hotell som er eit
fint utgangspunkt for fjellturar. I
2008 vert det arrangert
Naturfestival og motbakkeløpet
Saudehornet rett opp. Sjå kalenderen
på startsida
www.skaare.net for ei oversikt
over tidspunkt. Museet
Ivar Aasen tunet»
ligg like ved Eiksundsambandet. Om
vinteren er
Ørsta skisenter» ope.
Volda
har småbåthamn midt i eit
konsentrert og triveleg sentrum. I
Bjørkedalen kan ein vere med å ro
vikingskip og innføring i
båtbyggjartradisjonen. Det er guida
tur til Bjørkedal frå Ørsta
turistinformasjon torsdagar, men
ikkje siste veka i juli. Sjå
kalenderen på startsida
www.skaare.net for tidspunkt.
Offisiell oversikt» over
overnatting i Volda.
Det vert arrangert mange festivalar
og historiske spel i løpet av året,
blant anna Moldejazz, Herøyspelet,
Naturfestivalen i Ørsta og
Saudehornet rett opp som er eit
motbakkeløp. Sjå kalenderen på
startsida
www.skaare.net for ei oversikt
over nokon av dei.
Museum og kulturarrangement i
møre og Romsdal
Overnatting
Sunndalsfjord Camping» ved
riksveg 62 mellom Sunndalsøra og
Eidsvåg.
|
|
|
|