Ørsta

   
 

 

 

 


 

 

 

 
Google
 

 

     
Startsida»  Tur»   Fotogalleri»   Billettar og rutetider»   Hobby»

 

Ålesund | Vanylven | Sande | Herøy og Runde i Møre og Romsdal | Ulstein | Hareid | Volda | Ørsta

 

 

 
  Blå fjordar og mektige fjelltoppar finn du  i Ørsta, blant anna Slogen, Kolostinden, Fingeren og Saudehornet. Om sommaren er det fleire store arrangement i byda som Naturfestivalen», motbakkeløpet Saudehornet rett opp» og Dei nynorske festspela». Om vinteren er Ørsta skisenter» ope.

Ein fin køyretur til Ørsta startar frå Geiranger via Norangdal». I Norangdal ligg restane av ei seter under vatn etter at det for 100 år sidan gjekk eit ras som demde opp vatnet. Ein må ta ferje frå Lekneset til Sæbø. Ferjeruter: Fjord1» Tide Sunnmøre» 

Ein kan også kome seg til Ørsta ved å fly med Widerøe til flyplassen Hovden Ørsta / Volda lufthamn, ta ekspressbuss» frå Oslo eller Timeekspressen» frå Kristiansund.
Det er fleire hotell og campingplassar i Ørsta, blant anna Ørsta Camping» Meir informasjon i Sunnmørsalpane guide» og Ørsta Turistinformasjon» 

Koplingar:
Bedehuset»  Biblioteket» Bondalseidet skisenter» Bowling» Brudavolltunet»
Eitrefjell Telemarkklubb»  Fotball»  Fugl Føniks»  Jazzklubben
» Kaihuset»  Kino»  Kulturhuset»  Kyrkjelydane» Museum» Møre Folkehøgskule» Ørsta vidaregåande skule» Rust Club & Scene» Aasen-tunet»

Nyheiter:
Lokalavisa for Ørsta er Møre-Nytt» og regionavisa er Sunnmørsposten»
Hjørundfjordportalen»

Foto frå Ørsta:

 
 
 
  http://galleri.maskaare.net/#39  
 
På Standaleidet finn ein fjelltoppane. Kolåstinden og Fingeren. Guideboka Fotturar på Sunnmøre» omtalar fine turar i Ørsta og på resten av Sunnmøre. Ørsta Idrettslag Trimgruppa» arrangerar fjellturar på onsdagar og søndagar i sommarhalvåret. Standalhytta» ligg på Standaleidet og kan leigast til dei fleste føremål.



Museet
Ivar Aasen-tunet» ligg like ved Eiksundsambandet. Aasen-tunet er senteret for nynorsk språk og kultur, med gode opplevingar av språk, litteratur og arkitektur. Tunkatten Lurivar» bur i Ivar Aasen-tunet, og han har eiga heimeside med forteljingar, aktivitetar og spel.


Tunet ligg på garden i Hovdebygda der Ivar Aasen var fødd og oppvaksen. Om sommaren vert Dei Nynorske Festspela arrangert, og dette er eit stort arrangement med nynorske forfattarar og utekonsertar. Aasen-tunet er teikna av arkitekt Sverre Fehn, og stod ferdig i 2000. I april 2008 fekk Aasen-tunet arkitekturprisen A.C. Houens fond sitt diplom. Den 30. april 2008 opna H. K. H. Kronprins Haakon den nye utescena i Aasen-tunet.


Ørstabunaden»
har ni store roser som er brodert nede på sjølve stakken, og den har ikkje forkle. Lomma skal henge i belte på venstre sida. Bunaden skal vere svart eller mørkt blå. Skjorta har fin holsaumfald, og det høyrer også til kep. Det er laga eige sølv til bunaden. Jentene brukar raude strømper medan gifte kvinner bruker svarte.

 

  Det bor om lag 10 300 menneske i Ørsta. Dei fleste bur i Ørsta sentrum, og sentrumsområde med butikkar vert kalla Vik. Gågata i sentrum er ei triveleg handlegate, og i enden av gågata ligg kaffibaren Fugl Føniks» som serverar god kaffi og deilige kaker og smårettar. Det er eit stort kjøpesenter med mange butikkar på den gamle Grepa-tomta ved strandkanten i Ørsta sentrum. Det er Apotek» på kjøpesenteret. Bibliotek og kino» finn ein på kulturhuset. Museet Brudavolltunet» er ein autentisk gard der ein kan oppleve livet i gamle dagar. Kaihuset» er for ungdom. Rust Club & Scene» har konsertar.


Det er fleire tettstadar i bygda, blant anna Hovdebygda, Sæbø (fotoet), Bjørke, Vartdal, Nordre Vartdal og Liadal.
Slogen ligg 1564 meter over havet, og i løpet av sommaren og vinteren er nærare 4000 vandrarar på toppen kvart år. Ein kan starte frå Patchellhytta eller frå fjorden. Hotel Union på Øye» er eit staseleg, gamalt hotell som er eit fint utgangspunkt for fjellturar.

 

     
  Om vinteren er Ørsta skisenter» ope (kart).  

 
På Bondalseidet er det fint å gå på turski til Åmskaret eller til Kvanndalen (fotoet).

Det er kyrkjer i Ørsta sentrum, Hjørundfjord, Vartdal og på Bjørke, oversikt over arrangement finn du på sida til Kyrkjelydane i Ørsta». Ørsta Bedehus» er teikna av sivilarkitekt Alf Apelseth og det er 40 år sidan bygget stod ferdig i 2009. Det er fleire barne- og ungdomsskular i kommunen. På Sæbø er det kombinert barne- og ungdomsskule. Det er vidaregåande skular og folkehøgskule i Ørsta sentrum.

Det er småbåthamn i Ørsta sentrum og Rjåneshamna hjå Håvoll småbåtlag»
Rjånes Ungdomssenter» er ein leirstadar i eige av NLM. Senteret vert nytta til ulike arrangement og utleige til blant anna kurs, møter, konferansar og selskap.

Volda og Ørsta vart knytt saman med dei ytre kommunane på Sunnmøre då Eiksundsambanet opna. Eiksundsambandet opna 23. februar 2008 med verdast djupaste tunnel under havet, tunnel gjennom fjell og ei særs flott bru til Eiksund i Ulstein. Dette fantastiske anlegget er eit tydeleg landemerke, og eit symbol på kor langt vår kultur har nådd. Om ein køyrer ofte gjennom sambandet kan det lønne seg å kjøpe autopass, dei som passerar sjeldan kan vente på at rekninga kjem i posten. Ein skal ikkje stoppe for å betale.

Vassendgutane
» frå Åmdalen i Ørsta er er vel kjende i heile lande for countymusikken sin, som "ungkar med dobbeltseng".
Brørne Thomas og Hans Vegard Ryste saman med Knut Steinnes lagar det  populære Klypå
» showet. Der er rånaren Palle og den hissige fejemannen Kjellen Bigset. Sjå Kjellen Bigset på YouTube»
 


Ålesund»

Vanylven»

Sande»

Herøy og Runde»

Ulstein»
 
Hareid»
Vadsteinvatnet i Volda sommaren 2008.
Volda»

Ørsta»
Statens Vegvesen: Turistkart 2008 for Møre og Romsdal i Region midt. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Turistkart»
Kart Sunnmøre: Vanylven, Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Sunnmørskart»

Møre og Romsdal»

Sogn og Fjordane»

Bergen»
 

Oslo»
Noreg
»

Danmark» Utland»

Mallorca»

Venezia»
Karlsbrua i Praha.
Praha»
 

Taksering
Uno Lundberg AS
TLF 700 77 700
www.lundberg.no

 

©2003-2009 M.A.Skaare. Sist oppdatert 10.03.2010. SETT SOM STARTSIDE  LEGG I FAVORITTAR Har du noko som passar å føre opp så send ei melding»