Oslo
Den Norske Opera &
Ballett i Bjørvika i Oslo opna 12. april 2008.
Frå
Sentralbanestasjonen er det gangbru over
til
Operaen». Gangbrua finn du ved å gå
ut utgang syd, det er skilta for taxi og
flytog i same retninga.
Litt om
byen
Oslo ligg inst i Oslofjorden og er
hovudstaden i Noreg. Oslo si historie
går over 1000 år attende, og dette gjer
Oslo til den eldste hovudstaden i
Norden. Det bur om lag 560 000
innbyggjarar i Oslo.
Det er gangavstand til
dei fleste attraksjonar i Oslo. Det går
ofte bussar, tog og trikkar og i tillegg
kan ein vere med på
omvisingar.
Turistinformasjon
Trafikanten» finn du på
jernbanetorget.
Jernbanetorget
er første stad du kjem til om du har
reist inn til Oslo med flytoget. Kjem du
med buss stoppar du på busstasjonen som
ligg litt lenger mot vest. På
Jernbanetorget er det ein stor tiger
skulptur, du har kome til Tigerstaden.
Kallenemnet Tigerstaden vart første gang
nemnt i diktet "Siste sang" av
Bjørnstjerne Bjørnson.
Karl Johans gate er hovudgata som
startar ved
slottet» og går til jernbanetorget,
gata vert kalla Karl Johan. Gata er
namngjeve etter Carl III (XIV) Johan,
Konge av Sverige og Noreg frå 1818
til1844. Langs gata ligg
Oslo Domkirke»,
Universitetet»,
Nationaltheatret»,
Stortinget»,
butikkar,
Paléet kjøpsenter»,
kafear og restaurantar.
Julepynta Karl Johan i 2009.
Oslo Reptilpark» er den einaste
reptilparken i Noreg. Her kan du sjå
levande slangar, snokar, øgler,
edderkoppar og fiskar. Adresse Storgata
26.
Edvard Munch er den mest kjente målaren
frå Noreg. Måleria Skrik, Madonna,
Vampyr, Sjalusi og Kyss frå 1890-talet
er blant dei mest kjende måleria i
verda. Edvard Munch vart fødd på Løten i
1863 og døydde i 1944 i heimen sin "Ekely"
ved Skøyen i Oslo. Han testamenterte
kunstverka til Oslo kommune, og desse
kan opplevast på
Munch museet». Like ved Munch museet
ligg Botanisk hage, som er ein del av
Naturhistorisk museum».
Det går buss til Tusenfryd, oppdatert
informasjon finn du på
Tusenfryd»
Gratis buss går til IKEA på Slependen og
på Furuset ein gang i timen, stoppeplass
og tider finn du på
IKEA»
Rute for Oslo-ferjene til blant anna O
Vigelandsparken» er eit stort parkområde med
skulpturar av Gustav Vigeland. Det er avsett
plass i parken til hundar. Omvisingsbussar
stoppar her. Det går trikk og buss til Frogner
Stadion, derifrå om lag 1 minutt gange til
parken. Det tek om lag 30 minutt å gå frå
slottet opp til Vigelandsparken. Parken ligg
like ved
Frognerbadet»
som har
fleire utebasseng med sklier som er opne
om sommaren.
Den Norske Opera &
Ballett i Bjørvika i Oslo opna 12. april 2008.
Frå Sentralbanestasjonen er det gangbru til
Operabygget.
Program og bilettbestilling»
Det Norske Kongehus»
Slottet stod ferdig i 1849 til Kong Carl Johan.
Om sommaren er slottet ope for omvising. Flagget
viser om Kongen er tilstades.
VM-paviljongen i
Oslo sentrum. Med
Ski VM 2011» vert det for femte gang
arrangert ski VM i Oslo.
Paradeoppstilling i
Karl Johan frå stortinget til Slottet. Karl Johans
gate er hovudgata som startar ved slottet og går til
jernbanetorget, gata vert kalla Karl Johan. Gata er
namngjeve etter Carl III (XIV) Johan, Konge av
Sverige og Noreg frå 1818 til1844. Langs gata ligg
universitetet, teateret, stortinget, butikkar,
kjøpesenter, kafear og restaurantar.
Grotten er Statens
æresbolig for fortjente kunstnere. Trehuset vart
reist av Henrik Wergeland, og ligg ved
Wergelandsveien, mot nordvest i utkanten av
Slottsparken. Huset er ikkje ope for omvising, men
omvising på nettet er tilgjengeleg på sida til
Statsbygg»
Stortinget ligg ved Karl Johan. Det
er omvising på enkelte laurdagar og kunstvandring
enkelte måndagar, sjå
heimesida til
Stortinget»
for opningstider. Det er eiga
heimeside for ungdom som heiter
tinget»
Julepynta Karl Johan i
2005.
Julepynta kjøpesenter i 2005.
Byporten shopping ligg vegg i vegg med
togstasjonen der blant anna flytoget stoppar, du kan
gå under tak til kjøpesenteret og hotellet
Scandic Byporten. Her er over 70 butikkar,
bakeri, restaurant og kafear.