Ostekake    
 

 

 

 

 

 

 
Google
 

Startsida»  Tur»   Fotogalleri»   Billettar og rutetider»   Hobby»
 

Opp | Gulrotkake | Kvikklunsjkake | Brownies | Brente mandlar | Karamellpudding | Ostekake | Pepparkake | Slekt | Planter | hoseband

 

 

 
 
Ostekake


2 pakkar sitrongele
150 gram meierismør
ca ¾ pakke Marie kjeks
3 desiliter kremfløte ( 1 pakke)
3 desiliter lettrømme ( 1pakke)
1 beger naturell smørjeost ( ca 200g), for eksempel Primula
120 gram melis
1 teskei vaniljesukker
( Druer)


Start med å blande gele pakkane med vatn:
1 pakke sitrongele + 2,5 desiliter vatn
Sett til hurtig avkjøling i kjøleskap eller i ein kum med kaldt vatn.
1 pakke sitrongele + 4,5 desiliter vatn
Avkjølast i romtemperatur og ei stund i kjøleskap om naudsynt.

150 gram smelta meierismør
ca ¾ pakke Marie kjeks smuldrast med fingrane og rørast inn i smøret.

Avkjøl litt før du tømer blandinga rett på eit kakefat, dette for at glas kakefat ikkje skal slå sprekker. Fordel utover, ikkje trykk blandinga på plass for då vert det vanskeleg å få laus kakestykka frå fatet.

3 desiliter kremfløte ( 1 pakke) piskast stivt utan sukker.

Bland inn dette i den stive kremfløten og pisk vidare:
3 desiliter lettrømme ( 1pakke)
1 beger naturell smørjeost ( ca 200g), for eksempel Primula
120 gram melis
1 teskei vaniljesukker

2,5 desiliter gelepakken som du starta med å lage til
Tøm ostefyllet over kjeksblandinga, pass på at osteblandinga tettar godt til mot kantane på forma. Sett i kjøleskapet til kaka er stiv, ca ½ - 1½ time.  Når kaka er stiv slår du forsiktig over geleen som vart blanda ut med 4,5 desiliter vatn. Tøm sakte ned i ei spiseskei, så vert geleen fordelt utan å lage merke i kaka. Før du slår over geleen kan du pynte med halve druer utan stein om du vil.

 
  Gode skuffekaker:
Kvikklunsjkake»
Brownies»


Fleire oppskrifter:
Brente mandlar»
Karamellpudding»
Ostekake»


Eksterne lenker:

Aperitif» mat og drikke
Fisk og sjømat»
Gilde oppskrifter»
Jamie Oliver (engelsk)
Kaker og dessertar»
Matprat»
Tine»

 
 
 

 

 

Ålesund»

Vanylven»

Sande»

Herøy og Runde»

Ulstein»

Hareid»
Vadsteinvatnet i Volda sommaren 2008.
Volda»
 
 

 

 

Ørsta»

Sogn og Fjordane»

Bergen»
 

Oslo»
Noreg
»

Mallorca»

Venezia»
Karlsbrua i Praha.
Praha»
 

©2003-2009 M.A.Skaare. Sist oppdatert 02.01.2012. SETT SOM STARTSIDE  LEGG I FAVORITTAR