Pepparkaker

 
 

 


 

 

 

 
Google
 
 

Startsida»   Tur»    Fotogalleri»   Billettar og rutetider»   Hobby»  Jul»
 

Opp | Gulrotkake | Kvikklunsjkake | Brownies | Brente mandlar | Karamellpudding | Ostekake | Pepparkake | Slektsgransking | Planter | Knyting av hoseband
 
 

Hellige natt - Norberg-Schulz Elizabeth

 
 

Elizabeth Norberg-Schulz: Hellige natt

 

En Klassisk Jul - Björling Jussi m.fl

 

Jussi Björling m.fl: En Klassisk Jul

  Pepparkakehus: Oppskrift og foto på www.skaare.net  
   
  Lag store pepparkaker, og bruk ei mindre form til å lage eit ope felt. Legg eit bringbærdrops i opninga og steik pepparkakene som vanleg. Løys dei raskt så dei ikkje set seg faste. Avkjøl pepparkakene og pynt med melisglasur.  
 

 
©2009 M.A.Skaare. Sist oppdatert 15.04.2010. SETT SOM STARTSIDE  LEGG I FAVORITTAR


Pepparkaker

Mørk pepparkakedeig til figurar
100 gram brunt sukker
25 gram kvitt sukker
Ca 500 grammørk sirup ( 3 desiliter )
200 gram meierismør utan salt

Bland i ei gryte og kok opp. Om du skal måle opp sirupen kan du pensle desilitermålet med olje for at sirupen skal renne lett ut.

Når blandinga har kokt opp, ta gryta av varmen og bland inn:

2 teskeier malt kanel
1½ teskei malt ingefær
1½ teskei malt nellik
2 egg

Rør godt med visp. Avkjøl litt og tøm blandinga over i ein stor bakebolle.

Bland til slutt inn:
1 kg kveitemjøl ( 16,5 desiliter ), men hald av 2-4 desiliter til utbakinga.
1 spiseskei natron

Bland inn så mykje av mjølet at deiga slepper kanten på bakebollen.
Dekk deiga med plastfolie og sett kaldt nokre timar eller over natta, då vert deiga fastare å bake ut.

Skjær bitar av deiga, kna litt og kjevle ut ca 0,5 centimeter tjukk deig. Stikk ut figurar med former. Flytt figurane over på steikebrett og steik dei i omlag 4 - 5 minutt på 200°C eller til dei vert passe brune.

Pynt med melisglasur og non-stop. Legg dei i tett kakeboks.

Melisglasur: 2 desiliter melis og nokre teskeier vatn. Rør for kvar teskei, for plutseleg er den for tynn. Bruk nokre dråpar konditorfarge for å få rosa, gul eller grøn melisglasur. Fyll melisglasuren over i ein tynn plastpose, og klipp eit lite hjørne av posen. Blir det for lite glasur så lag ein porsjon til.

Pepparkaker med vindauge:
Lag store pepparkaker, og bruk ei mindre form til å lage eit ope felt. Legg eit bringbærdrops i opninga og steik pepparkakene som vanleg.
Løys dei raskt frå steikebrettet så dei ikkje set seg faste. Avkjøl pepparkakene og pynt med melisglasur.

 

Pepparkakedeig til hus
100 gram kvitt sukker
280 gram lys sirup ( 2 desiliter )
100 gram meierismør utan salt
1 spiseskei kanel
1 spiseskei ingefær

Bland i ei gryte og kok opp. Om du skal måle opp sirupen kan du pensle desilitermålet med olje for at sirupen skal renne lett ut.
Trekk bort gryta frå plata og bland inn:

3 desiliter mjølk

Avkjøl blandinga.

Bland inn
mesteparten av 900 gram kveitemjøl ( 15 desiliter)
½ - 1 spiseskei natron.

Dekk deiga med plastfolie og sett kaldt over natta eller lenger.

Lag papirmønster: 2 gavlveggar, 2 sideveggar, 2 takflater, 4 sider til pipe og 1 dør.

Skjær bitar av deiga, kna litt og kjevle ut ca 3-4 millimeter tjukk deig. Skjær ut delane til huset, det er lettast å skjære dei ut på bakeplata så dei ikkje mister forma når dei vert flytta.
Steik i omlag 3 - 5 minutt på 200°C eller til dei vert passe brune.

Avkjøl delane og pynt dei med melisglasur og drops. Til slutt settast delane saman med smelta sukker. Ca 3 desiliter sukker varmast i steikepanne til det er brunt. Bruk gjerne steikepanne av jarn og rør jamt i sukkeret med ei sleiv. Det vert veldig varmt så dette er arbeid for dei vaksne.

Av restane av deiga kan det lagast figurar.