Google
 

     
Startsida»  Tur»   Fotogalleri»   Billettar og rutetider»   Hobby»

 

Opp | Gulrotkake | Kvikklunsjkake | Brownies | Brente mandlar | Karamellpudding | Ostekake | Pepparkake | Slekt | Planter | hoseband

 



Shopping og inspirasjon

Det er mange kjekke nettbutikkar med utstyr, frø og plater på nettet. Her er nokre av mine favorittar:
Solfang.no har fine drivhus laga i sedertre, gummisko og fine til hus og hage.
Haugen Bok» sel
hagebøker, dei vert lagt i posten dagen etter bestillinga.
Tasha Tudor» illustrerte bøker og laga ein vakker hage med pionar, roser og tulipanar. Tasha Tudor's Garden» med foto frå hennar hagen er mi favoritt hagebok, den er til å drøyme seg vekk i.


I Oslo ligg Botanisk hage», like ved Munch museet og som ein del av Naturhistorisk Museum. Fotoet viser vårblomsting ved Victoriahuset og Palmehuset.

Svinviks arboret»
er ein botanisk hage i Surnadal på Nordmøre med over 350 ulike slag av rododendron og 250 bartreslag. Der er også mange uvanlege og vakre lauvtre og fine blomsterbed.

Baroniet Rosendal» har ein 300 år gamal renessansehage med eit hav av roser og ein romantisk landskapspark frå 1850-åra. I tillegg er der omvisingar i slottet, kunstutstillingar, konsertar, teater, sal av heimelaga bakverk og aktivitetsdager.

Vår hage
Tulipanar
Vårblomstring i hagen vår. Eg har planta 2 typar rosa tulipanar mellom rododendron, Menton ca 60 cm høge og Apricot Beauty ca 40 cm høge. Løkane har eg bestilt frå Zimtrade». Løkane til vårblomster som snøklokker, krokus og påskeliljer må leggast i jorda om hausten, og så kjem opp av jorda neste vår når dagane vert lyse og varme nok. Robuste tulipanar kjem att år etter år, og vert gjerne fleire. Gjødsle tulipanane når blada stikk om lag 5 cm over bakken, dryss kunstgjødsel rundt blada.

Rododendronane på biletet er avleggarar som eg har tatt sjølv. Etter kvart som dei veks til skal eg klippe dei for å få dei tettare. For å lage ei ny plante legg eg ein stein over ei grein ved bakken, slik at greina dannar eigne røter. Etter 1-2 år kan greina klippast av og plantast åleine. På heimesida til Den norske Rhododendronforening» finn du mykje spanande stoff om rododendron.

Planter i vår hage
Julerosea både startar og avsluttar blomsteråret i vår hage, den står med grøne og friske blad mellom snøhaugane og blomstrar midtvinters til ut i februar. Den treng ein berr flekk for å blomstre, og har likt seg godt under altanen. Etter kvart kjem snøklokkene opp av jorda i tusental, dei har spreidd seg i løpet av dei siste 50 åra og dukkar opp i både bed og hagen. Så livnar plutseleg hagen til og vert gul av krokus og andre robuste småplanter. Når det lid mot mai kjem tulipanane og ut i juni pinseliljene. Når løkane har blomstra av står buskar og staudane klare til å overta.

Syrin
Syrin blomstrar i juni og har god lukt. om lag samstundes blomstrar kaprifol, og den synest eg luktar best av alle. Lukta er sterkast om kvelden og etter ei regnbyge.

Sommarblomster
Kan dyrkast frå frø og varer som regel til frosten kjem. To-årige sommarblomster blømer andre året. Pelargonium (geranium) og fuksia kan overvintrast inne, eg klipper dei litt ned og gjev dei vatn gjennom vinteren. Når våren kjem har dei vorte lange og slengete så då klipper eg dei ein gang til. Endane som vert klipte av set eg i potter med fuktig mold, og lagar eit lite drivhus rundt kvar potte med ein gjennomsiktig plastpose. Etter nokre veker har dei nye plantene fått røter. Til frø og avleggarar brukar eg torvmold, gjerne blanda med 1/3 del sand. Ikkje bruk gjødsla jord.
Norsk pelargoniumforening»


Tagetes er lette å få til sjølv, og visna blomster er frø til neste år. I mars kan frøa såast inne, eg brukar 5-10 frø i kvar potte. Gjødsle først når plantene har vorte store og skal til å blomstre. Plante dei ut i hagen eller i potter og krukker når faren for frost er over. Blomkarse og erterblomster er også enkle å ta frø av og å så sjølv. Frøa til neste års erterblomster ligg inne i erterskolmar. Eg samlar frøa i ei boks utan lok og små frø legg eg i kaffifilter. Frø til mange sortar blomster og grønsaker finn du blant anna hos Zimtrade»  og Hageglede»

Hekkplanter kan delast når dei vert omfangsrike. Klipp ned planta så den vert lettare å handtere. Grav opp og del rota med øks. Få med rot og greiner på alle nye planter. Hugs å vatne etter deling. Øv gjerne på ei plante som du har fleire av, etter nokre veker ser du om dei nye planten har klart seg.
Norsk Roseforening»

Sniglar er grådige, og dei et like gjerne ugras som prydplanter. Det er mange råder mot sniglar, mi metode er å raskt dele dei med spade. Ei anna effektiv metode kan du lese meir om i Sunnmørsposten» der snigelkverk Nemaslug» vert brukt.

 

  Syrin Humle er klatreplante. Gullris blømer på seinsommaren frå august. Haustfloks blømer på seinsommaren frå august. Rosa, kvite og lilla i  mange variasjonar. Sølvarve veks krypande og dannar puter. Blømer i midten av juni med kvite, små blomar. Lyst bladverk.
Båre vår- og sommarblomstane veks så mykje at ein ser forskjell frå gang til på tur i hagen. Kor mange kraftige skot av Keisarkronene stikk opp i dag og får dei knuppar? Skal tru om tulipanane vart lagt for seint slik at dei vert tynne og små, og kjem dei fylte Papegøyetulpanane tilbake eit år til?

På ei runde i hagen vert det mange gode opplevingar. Det som kjem opp av jorda stemmer sjeldan med det som var planlagt, av og til vert det ein vakker og uventa kombinasjon, medan plantene på feil plass sturer. Planter og løkar kan flyttast rundt i hagen til dei passar inn, både form, farge og krav til klima verkar inn på kvar den beste plassen er. Nokon vil ha skugge medan andre vil stå i full sol, nokre vil ha god jord medan andre er meir robuste.

Vår hage ligg i Volda på Sunnmøre og har klimasone 3-4.
Vi bur i hus frå 50-talet med stor hage, store bed og mykje plen. Hagtorntre veks mot vegen, med ein hekk av rosa, lilla og kvite rododendron. Geiterams har også fått lov å vekse inn i mellom bedet mot vegen, dei er viltre og tek seg til rette.
  Når eg skal arbeide i hagen brukar eg eit par gode hagehanskar, grønfarga rosehanskar med gummibelegg på utsida slik at det vernar litt mot det som stikk. Ein spade med smalt blad og ei kraftig løvetannhakke vert mest brukt, og det som vert luka vekk vert stappa i svarte søppelsekkar og køyrt til kompostering på reinhaldsverket. Når buskar skal gravast opp trengst det både spett og øks, og ein stor og kraftig busk kan delast opp i fleire små.

Inspirasjon
Ein super kombinasjon er å få med seg blomsterparkar og hagar når ein reiser på tur, eller kvifor ikkje legge opp turen etter kva for ein blomsterpark eller blomstershow ein har lyst å besøke?
Utanlandske parkar og show

Keukenhof» er ein stor vårpark like utanfor Amsterdam. Der er skikkeleg vårstemning med tusenvis av tulipanar, krokus og påskeliljer. Parken har også alléar med skuggefulle tre, store damanlegg, drivhus, mølle og ein liten gard med smågrisar. Vi besøkte parken våren 2009, og det vart ei super langhelg med tulipanar og museum.
 
Kew Garden» er ein stor, kongeleg hage 10 km sørvest for London. Royal Horticultural Society» har blomstershow.

Fotogalleri frå Kaukenhof tidleg i april 2009:

http://galleri.maskaare.net/#38


Kvitveis
Vårstemning her heime er kvitveis som veks vilt på fuktige plassar. Bukettar av kvitveis er fin bordpynt til selskap og konfirmasjon om våren.
Røsslyng
Røsslyng ein sommardag på fjellet.

Staudar er planter som lever i fleire år. Dei visnar heilt ned om vinteren og vert ikkje øydelagde av feks snø frå brøyting. Om våren startar veksten på nytt. Hos oss startar blomstringa med bergblomst (Bergenia rosea), den liknar på rabarbra med fine, grøne blad og blomstrar i mai med skarp rosa blomst. Primula kjem også tidlege. I juni blomstrar gule daglijer, og pionane gjer seg klare til å blomstre i slutten av månaden. Det finst mange sortar pionar, stort utval finn du på sida til Pionhagen»
Hosta er bladlilje med dekorative blad, dei blomstrar med lys lilla blomst i august.

Når staudane vert store kan dei delast. Grav opp heile planta og del den med ein spade, eller riv den forsiktig i delar med hendene. Dette kan gjerast heile året, men gjer du det før bløming må du kanskje vente til neste år før den blømer. Hugs å vatne etter deling om det er tørt. Staudane i hagen kan flyttast til dei har fått den rette plassen, både form og farge skal passe til det dei veks saman med. Staudane blømer til ulik tid.

Å få avleggar med hagevennar er hyggeleg, eller plantene kan kjøpast. Dei fleste som har hatt hage ei stund synest det er hyggeleg å kunne gje vekk avleggarar, i staden for å måtte kaste delar av  fine planter som har vorte for store. Planter som er merka genmodifisert skal ikkje delast. Det vert dyrt i lengda, unngå å kjøpe slike plante.

Pion heiter Paeonia på latin. Pion er ei staude som kjem att år etter år. Det er ulike grupper av pionar: Ville artar som er dei lågaste og kan dufte. Duftpion som duftar. Bondepionar har ikkje har lukt. Hybridar med tjukk stilk og ekstra store knuppar.
Store planter kan delast eller takast avleggar av. Ved deling av ei stor plante må røtene på planta gravast opp, dei ser nesten ut som gulrøter. Du treng ikkje grave opp meir enn det som skal delast i frå. Planta  kan ha 30-40 cm djupe røter. Legg merke til kva plantedel som er over jorda. Rist av jorda for å sjå røtene. Del opp planta ved å drage røtene frå kvarandre med hendene.
For å ta avleggar har eg med hell dratt opp ein stengel og planta den. For at dette skal virke må det vere små raude knuppar nedst på stilken, dei er mindre enn erter. Plant dei nye plantene, legg delane akkurat like djupt i jorda som dei var på morplanta. Hugs å vatne etter deling om det er tørt. Plantar du for djupt tek det fleire år før dei veks seg langt nok opp slik at dei blømer. Pionar har kort blømingstid, og avrunda og kompakt form. Dei passar godt saman med fleirårige blomar som veks som spir, som riddarspore.


Ålesund»

Vanylven»

Sande»

Herøy og Runde»

Ulstein»

Hareid»
Vadsteinvatnet i Volda sommaren 2008.
Volda»

Ørsta»
Statens Vegvesen: Turistkart 2008 for Møre og Romsdal i Region midt. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Turistkart»
Kart Sunnmøre: Vanylven, Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Sunnmørskart»

Møre og Romsdal»

Sogn og Fjordane»

Bergen»
 

Oslo»
Noreg
»

Danmark» Utland»

Mallorca»

Venezia»
Karlsbrua i Praha.
Praha»
 

Taksering
Uno Lundberg AS
TLF 700 77 700
www.lundberg.no

 

©2003-2009 M.A.Skaare. Sist oppdatert 02.01.2012. SETT SOM STARTSIDE  LEGG I FAVORITTAR Har du noko som passar å føre opp så send ei melding»