|
|
Praha
Praha er
hovudstaden i Tsjekkia, og er
ein vakker, gamal by rik på kultur og
tradisjon. Alt på 1400-talet
hadde byen same storleik som i dag, og
den gang var byen den tredje største i
Europa. I dag er Praha eit populært
turistmål med mange vakre
steinbygningar, og med den kjende Karlsbrua som
går over elva Vltava. For å sjå
Karlsbrua og byen frå elva kan ein
vere med på omvisingsturar i
elvebåt», eller ein kan leige pedalbåt.
Karlsbrua vart bygd alt på 1400-talet
av Karl IV, og langs bru - rekkverket
er det mange religiøse statuer. Der er
også mange gateseljarar som byd fram
måleri, portrett og smykke.
Praha er delt i fleire områder:
Den gamle bydel frå 1200-talet med
blant anna det
Astronomsike ur, Den nye
bydelen frå 1300-taet og Den jødiske
bydelen.
I den jødiske bydelen er den
gamle jødiske kyrkjegarden».

På rådhuset i den gamle bydelen viser
dei 12 apostlane seg i to små luker i
det Astronomsike ur, dette skjer kvar
heile time. Då står det hundrevis av
menneskjer og ventar. Det er flott
utsikt frå tårnet over det
Astronomiske ur, og det er både heis
og trapp opp til toppen. På torget er
oppstilt hestedrosjer klare til å
køyre ei runde i byen. Det er smale
gater med spennande butikkar mellom
det Astronomiske ur og Karlsbrua.
Den offisielle heimesida til
Praha» har webkamera og aktuell
informasjon. Informasjon om
utstillingar på
Nasjonalgalleriet»
Česká filharmonie» held store
konsertar i eit fantastisk bygg. Dei kolossale spira på
St.Vitus Katedralen» kan sjåast
frå det meste av Praha, og katedralen
ligg ved
Slottet»
Frå
Tv tårnet i Praha» vert det
fugleperspektiv på byen, og der er
også restaurant.
Zoo Praha»
ligg ved parkområdet Stromovka.
Det er
godt utbygd
offentleg transport» i
Praha, der er 3 undergrunnslinjer,
mange trikkar og bussar.
Populære
suvenirar er farga krystall,
porselen
med blått mønster»,
Moldvarpen» og motekle.
Om Praha på Wikipedia»
Nokre vanlege ord»
|