|
|
Herøy og Runde i Møre
og Romsdal
Øya Herøy har vore sentral i regionen i over
1000 år. Det bur om lag 8500 innbyggjarar der, og kommunesenteret er
Fosnavåg by. Lokalavisa heiter
Herøynytt» og regionavisa er
Sunnmørsposten».
Runde ligg lengst vest i
Herøy kommune», og har det sørlegaste
fuglefjellet i Skandinavia. Runde er også kjend som skatteøya med
myntfunnet
Rundefunnet».

Millionar av sjøfugl hekkar på Runde. Øya er freda, men det går
daglege omvisningsturar med båt rundt fuglefjellet. Det er også lett
tilkomst til fots på merka stiar. I boka
Fotturar på Sunnmøre» finn du skildring av turane. Dette gir høve
til å oppleve det yrande fuglelivet på nært hald, her kan ein
sjå koloniar av lundefugl, lomvi, havsuler og alke. Her er 200 ulike
artar, også havørn.
For å kome til Runde fyl du
skilting til Fosnavåg, det er skilta til Runde like
før Fosnavåg.
Turistkart frå Statens Vegvesen»Overnatting:
Du kan overnatte på Runde på
Christineborg Kysthotell» eller campingplassane Rundø ANS Ingv
eller
Goksøyr camping». Det er også campingplass på Leinøy,
Herøy Kystcamp», der dei også leiger ut hytter og rorbuer.
Hotel Neptun»
ligg i Fosnavåg sentrum. I Kvalsvika
leiger
havferie.com» ut rorbuer og hytter. Ved Herøybrua leiger
Lanternen AS» ut hytter.

Overnatting på
Kjeldsund»
kan tingast på tlf 70080220. Senteret ligg på Gurskøy og er eigd av
Det norske Misjonsselskap.
Fosnavåg by er kommunesenteret i Herøy,
og midt i sentrum av Fosnavåg ligg
gjestehamna med nye gjestebrygger. Fosnavåg har
godt utval med butikkar
og spiseplassar. Der er meir enn 60 nisjebutikkar, kunstgalleri,
fiskerestaurantar og kaféar. Madelynn
Coffee» Espressobar og bakeri serverar god
Amerikansk- inspirert, heimelaga mat. Når du kjem ned bakken inn til
Fosnavåg sentrum svingar du til høgre ved restaurant Maki og køyrer
innover. Eige kaffibrenneri med nymalt kaffi, som du også kan kjøpe med
heim.
Lanternen AS» før Herøybrua serverar god mat.
Maki restaurant»
serverar opp til 7-rettar meny.
Restaurant Fosnavåg Brygge» ligg
i sentrum av Fosnavåg.
Hovudbiblioteket i Herøy» ligg i Kulturhuset i Fosnavåg sentrum. Det er
bokbåtstopp i Kvalsvik og på Runde.
Jacobsenhuset» ligg midt i Fosnavåg sentrum, og er møteplass for
kunst, kultur, fortelingar. I tillegg er det selskapslokale for inntil
30 personar.
Herøy Fritidsbad»
har sklier, barnebasseng og varme basseng.
Fotball,
Friidrett,
Handball i Herøy.
I tida før det var motorar
i fiskebåtane, kring 1905, var det nokre få gardar og hus i
Fosnavåg. Om vinteren var det handla med fisk, men elles var det ikkje
faste handelsdrivande. Fosnavåg vaks rakst i takt med bruken av
motorbåtar, og har vorte ei sentral servicehamn for fiskeflåten.
Fosnavåg er ei god hamn for motorbåtar, medan det var vanskeleg å
sigle ut og inn av det tronge hamneinnløpet. Fosnavåg tyder "den
løynde hamna".

Herøy kystmuseum» syner den gamle handelsstaden slik den voks fram
på 1800-talet, med restaurerte bygningar, interiør, båtar og
fiskereiskapar. På museet kan du sjå rekonstruksjonar av Kvalsundbåten
frå 600-talet og ei sunnmørsjekt frå 1700-talet. På museet bygg dei
opne, tradisjonelle sunnmørske båtar. På museet finn du også ruinar av
dei to kyrkjene som stod der med gravplass ikring.
Herøyspelet Kongens Ring» vert sett opp om sommaren.
Herøy Kystlag» held til på den gamle slippen i Nørvågen i Fosnavåg
hamn. Dei tek vare på den lokale kystkulturen frå 1900-talet,
"motorbåtalderen".
Eggesbønes ligg like før Fosnavåg
sentrum, like for den nye
Herøy kyrkje».
Natt til 2. juledag 1998 brann den gamle Herøy kyrkje ned til grunnen,
og mange kunstverk frå mellomalderen gjekk tapt. Ny Herøy kyrkje
vart
vigsla av biskop Odd Bondevik 16. februar 2003. |