Google
 

 


Startsida»   Tur»    Fotogalleri»   Billettar og rutetider» 
 

    Opp | Oppskrifter | Slektsgransking | Planter

Forfedreskjema

Statens Vegvesen: Turistkart 2008 for Møre og Romsdal i Region midt. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Turistkart 2008 frå Statens Vegvesen
Last ned gratis Adobe Reader frå Adobe.com» for å opne kartet.

Kart Sunnmøre: Vanylven, Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Sunnmørskart»

Her kan du søke på adresser, område eller gards- og bruksnummer i kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda.
Oversikt over alle kommunar»

 



Digitalarkivet
Til venstre er det søkefelt der du fyller inn opplysingar. Du må minst fylle ut fylke og kommune for å få opp neste skjermbilete.
Deretter går du vidare med å velje kjelde. Når du kjem inn i listene kan du søke etter ein bestemt person. Om personen er vanskeleg å finne kan du prøve å søke berre på første bokstav i namnet. Det er mange moglegheiter, og det kan ta tid å finne det ein leitar etter.



Døme på søk med ein bokstav i far sitt førenamn.

Digitalarkivet finn du på nettet, trykk her»

Meir om:
Møre og Romsdal
Sogn og Fjordane

 

 

Ålesund
Vanylven
Sande
Herøy og Runde i Møre og Romsdal
Ulstein
Hareid
Volda Volda foto
Ørsta
Gardar i Volda:  

Engeset i Volda sentrum 28.april 2007. Foto Margrete Apelseth Skaare.
Gard nummer 18: Engeset.
Del av Volda sentrum har gardsnamn Engeset.

Lauvstad i Volda 28. april 2007. Foto Margrete Apelseth Skaare.
Gard nummer 157: Feten / Lauvstad.
Tidlegare i Dalsfjord kommune, som vart slått saman med Volda kommune.
Der er barneskule, barnehage og butikk med post, og det går ferje mellom Lauvstad og Volda sentrum.

Høgstøyl i Volda 28. april 2007. Foto Margrete Apelseth Skaare.
Gard nummer 158: Høgstøyl.
Tidlegare i Dalsfjord kommune, som vart slått saman med Volda kommune.
Vegen går opp frå Velsvika langs elva.

 
 

 

 
     
 

 

 
 
 
©2008 M.A.Skaare. Sist oppdatert 04.11.2008. SETT SOM STARTSIDE  LEGG I FAVORITTAR
       
Lars Olsson, sonen Peder Larsson og kona Ingeborg Knutsdotter. Foto frå ca år 1820. Volda sentrum Utsikt frå Grøthornet i Ørsta Liadalsnipa
     
Primærkjelder   Bibliotek
Digitalarkivet
Kyrkjebøker
Kyrkböcker

Sunnmørskronologien»

Andre kjelder
Møre og Romsdal
Gardsnamn Sunnmøre»
Morkabygda i Volda»
Sula busetnadssoge»
Sæterliv i Voldafjell»
Sunnmørskart»
Foto frå Møre og Romsdal»
Grova» Lokalhistorie på nettet

Sogn og Fjordane
Gardsnamn Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Fylkeskommune»

Hordaland
Gardsnamn Hordaland»
Bergen historisk kart»
 

  Bibliotek i Volda» Ørsta» Vanylven»
Ditt eige bibliotek kan låne inn bøker frå andre bibliotek.
Møre og Romsdal fylkesbibliotek»
Fylkesbiblioteka i Noreg»
Nasjonalbiblioteket»

Riksarkivet og Statsarkiva i Noreg»

Slektsprogram:
Embla Norsk slekstprogram
FamilySearch.org Anesøk og gratis amerikansk slektsprogram av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints (Mormonerkyrkja)

Andre koplingar
DIS Danmark
DIS Norge
DIS slektsforskar
Fortidsminneforeningen»
Kart: Oversikt over alle kommunar»
Landslaget for lokalhistorie»
Kor mange heiter ?
Norsk Slektshistorisk Forening
Sveriges Släktforskarförbund
Slektsgransking gjev kunnskap om forfedrar og tida dei levde i. Eg har i fleire år samla informasjon om slekta, og no har eg samla over 3200 personar i slektstreet.  Det er mange i slekta som gjer og har gjort det det same, bestefaren min Laurits Bjørdal frå Bjørdal i Ørsta laga slektstre med mange ættled bak i tid. Han hadde alt dette i hugsen medan eg må ty til kjelder når eg kjem nokre generasjonar bak i tid.

Frå 1600-talet vart det ført kyrkjebøker og det vart gjort folketeljingar. Føre denne tid kan det stundom vere råd å spore aner om dei var knytt til slekter som var skriveføre. Mi slekt frå Ørsta har aningar til Bjørkedal i Volda og til Synesætta på Vigra. For begge desse greinene er det kjende aner langt bak i tid.

Boka "Vigra-slekter gjennom 500 år" av Johan S. J. Molnes vart utgjeve i 1987. Der står å lese at alle dei eldste bruka på Synes truleg hadde greiner til "Synes-adelen", med røter til Blimsætta. Blimsætta var ei høvdingeætt på Blindheim på 900-talet. Synesætta går attende til Jon Bårdsen på Synes på 1400-talet. Når då han har slektskap med Arnmødlingene, og dei att med dei norske kongsslektene er det mange som kan hevde å ha aner attende til Harald Hårfagre.
I boka "Ei Hjørnfjordætt" av Simeon M. Ekornes vert det knytt band frå Synesætta heilt bak til Harald Hårfagre.
Dessverre kan ikkje den kjende historikaren Bjørn Jonson Dale» gå god for desse slektskapa.
Jon Bårdson, ættfaren på Synes, er berre kjent frå eit dokument 1429 og frå ættetavla 1586. Foreldra hans, kona hans eller kvar han budde er ikkje kjent. Sunnmørskronologien» har koplingar til nettpubliserte kjelder til Sunnmøre si historie og til spesialskrivne framstillingar for tida 1200-1610. Artikkelen om hustru Ingrid Povelsdatter» har nokre utfyllande opplysningar om Synesætta.

For å halde oversikta legg eg inn opplysingane på data i eit slektsprogram som heiter Embla»

smiley Send meg gjerne ein e-post: margrete@skaare.net smiley

Kome i gang med slektstre:
Start med deg sjølv som hovudperson. Skriv namnet ditt, kvinner med pikenamnet sitt. Ta med fødselsdato og fødestad.
Skriv namn på eventuell ektefelle. Skriv gjerne bryllaupsdato og stad.
Skriv namnet på eventuelle born, barnebarn og andre etterkomarar.
Skriv namn på mor og far, besteforeldre, oldeforeldre.

Noter elles det du vil ved høve. Du kan notere på blanke ark, kjøpe ferdige oppsett i bokhandelen, kjøpe ferdige bøker eller bruke dataprogram for å halde styr på opplysingane. Om du vil kan du bruke dette
word-dokumentet»
Du må lagre det på di eiga datamaskin for å kunne bruke det.
Eit døme på eit forfedretre finn du
her»

Korleis eg finn opplysingar:
Eg har starta med sikre opplysingar, og leitar meg bakover frå desse. 
I gards- og ættesoger for staden finn eg opplysingar om namn og fødd dato. Før var det vanleg å ta namn etter plassen ein budde på. Ver merksam på at det kan vere unøyaktigheiter.
Kyrkjebøker frå staden viser døypte med foreldre og prestegjeld, av og til faderar. Det kan vere vanskeleg å  finne fram fordi stavinga kan vere ulik den som er i gards- og ættesoger. I digitalarkivet er det samla kyrkjebøker og andre lister. Hugs å notere kjeldene du brukar, så er det lett å gå tilbake og arbeide vidare seinare. Det er skilnad på truverdet for dei ulike kjeldene, kyrkjebøker er ei sikker kjelde.