Vanylven i Møre og Romsdal
Vanylven er den sørlegaste
kommunen i Møre og Romsdal, og det bur om lag
3 500 Innbyggarar der. Det er mange små
bygdelag i Vanylven, og dei største bygdene er
Rovde, Syvde, Åram, Fiskåbygd og Åheim.
Vanylven kommune strekkjer seg frå hav og
fjord til høge fjell, og naturen er rikhaldig
på mineralar. Det er gode høve til å fiske
både i fjordane, elvane eller fjellvatna.
Kommunen grensar mot Sande, Herøy, Volda, Eid,
Vågsøy og Selje. Lokalavisa heiter
Synste Møre» og regionavisa er
Sunnmørsposten»
Kommunesenteret er Fiskå, der er det butikkar,
lege»,
apotek» og eldresenter.
Turistinformasjon
for Vanylven og oppdatert liste over
overnattingsplassar» finn du
hjå
Vanylven
kommune».
I tillegg er det turistinformasjon på
bensinstasjonane og
Kvilehytta». På
Statoil Service» på Fiskå er det gratis
camping dei tre første dagane på
campingplassen, tlf 70021212.
Ei av dei største norske
bergverks-verksemdene,
North Cape Minerals», ligg på
Åheim. I Sundalen ligg
skattejaktplassen der du kan finne
din eigen edelstein. Dit kan alle
kome og leite etter Periodot, og
om du er heldig finn du kanskje
ein så fin stein at den kan
slipast til smykke. Periodot er
ein lys grøn, gjennomsiktig
smykkestein som er ein variant av
olivin. I
Olivinhallen» på Åheim vert
det arrangert dansegalla, og der
har også
Flòget Klatreklubb
klatretider.
Badestranda
Sandviksanden ligg på Åram, og her
ligg også
Sandvikgarden» som har ope i
sommarsesongen.
Nydelege
kjøtvarer som karbonadar og
fårepølse frå Sørdal Kjøtt AS finn
du på
Joker» i Syvde, telefon 70 02
30 08.
Verdast
største solsikkestatue står i Fiskåbygd, og
Solsikkedagane»
vert arrangert i august. Første gang desse
dagane vart arrangert var i 2004.
Sport i Vanylven
Syvde idrettslag»
Vanylven golfklubb»
Ægir dykkeklubb» Øverberg
skisenter»
Åheim idrettslag»
Åram/Van.kam FK»
Transport
Ferjeruter:
Tide Sunnmøre»
Fjord1»
Lokalbuss og ekspressbuss»
Timeekspressen»
|