| |
|
Loading...
|

|
|
Plasking av årar
og lyden av ein og anna motorbåt,
sjauing av murar som er i sving med
reparasjonar og av og til eit ansikt i
eit vindauge opplever ein på kanalen.
Det er bugnande blomsterkasser i mange
vindauge og altanar. Eit hus til ein
kjøpmann vart kalla palass, og kvar
familie har sine fargar på stolpane
framom palassa sine.
Det ligg mange
gondolar» ved Molo San
Marco, som ligg ved Dogepalasset. Prisen
for ein tur varierar. Om ein er med på
guida tur i Venezia kan reiseleiaren ha
betre avtale om pris på gondoltur enn
det ein finn sjølv. Det er plass til 6
personar i ein gondol. Gondolieren står
bak på venstre side. Det krevjast fleire
år med høgskuleutdanning for å verte
gondolier.
|
 |
|
Rialtobrua, Ponte di
Rialto, er den kjende brua over Canal
Grande. Mange bruer i uleik storleik og
utforming kryssar kanalane i Venezia. Langs fortaua
finn ein kafear med små bord der ein kan
stoppe for ein matpause.
|
|
Historie
Venezia by vart grunnlagt omkring
500-talet. Folket som budde på den
grøderike Po-sletta like ved rømde ut i
mudderbankane då området vart invadert.
Dei budde heller i flyktingleir enn å
gje seg over til inntrengjarane. Etter
kvart bygde dei hus på pålar i laguna.
Venezia utvikla seg til ei stormakt, og
det vart stor velstand i byen. |
 |
|
Innseglinga til Venezia går forbi borga
med kanoner, som har vore eit effektivt
vern av byen. Når dei første båtane i ei
fiendtleg hær vart søkte, vart
innseglinga til byen stengt. Det er
berre Napoleon som har tatt byen, han la
skipsfloten sin på rekke slik at hæra
kunne springe frå båt til båt. |
 |
|
Arsenale var det militære senteret i
Venezia.
|
|
|
|
| |
| |
Venezia
Den nordlege regionen av Italia heiter
Veneto, og der ligg blant anna byane
Venezia og Verona. Venezia med sine
kanalar og kyrkjer er ein av verdas mest
kjende og spesielle byar. Dei flotte
kyrkjene vitnar om stor religiøs
inspirasjon.
Reisebøker
om Italia»
Minikurs i italiensk»
Flyplassen i Venezia heiter Marco
Polo, det går flybussar frå
flyplassen, sjå
bussinformasjon»

Markuskyrkja på
Markusplassen,
Basilica di San Marco» på Piazza san Marco, er den mest berømte
kyrkja i Venezia. Kyrkja husar lekamen
til apostelen Markus. Alle skip
måtte ha med ei verdfull gåve til
utsmykking av kyrkja, og Markushestane
vart gjeve som gåve etter korstog mot
Konstantinopel. Dei fire bronsehestane
som står der no er kopiar. Det er fantastisk mosaikk
over døropningane.

Å mate
duene på Markusplassen er ei stor
oppleving for store og små. Duene har
vore på Markusplassen sidan Napoleon gav
duer i gåve. Om vinteren vert dei fora
av Venetianske myndigheiter, og om
sommaren kjøper turistane posar med
tørka mais og erter til duene. På
Markusplassen vert det arrangert
konsertar,
Venetojazz»

Kampanilen på Markusplassen er det høge
tårnet som ligg like ved Markuskyrkja.
Førre Kampanile fall saman i 1902. Det
vart tatt eit foto av tårnet som raste,
og etterkomarane etter fotografen skal
visst leve godt av inntektene den dag i
dag. Ingen kom til skade, og ein del av
materialet kunne brukast om att. I den
nye Kampanile er det heis, men det er
lang kø for å kome opp.

Dogepalasset,
Palazzo Ducale»,
ligg attmed Markuskyrkja. Dogen var
den Venetianske herskaren, og han
budde i Dogepalasset. Mellom
Dogepalasset og det tidlegare
fengselet går Sukkernes bru, Ponte
dei Sospiri. Brua går mellom
fengselet og Ducale palasset.

Sukkernes bru,
namnet skal kome frå sukk frå
fangane som vart ført til fengselet
frå rettsalen i Ducale palasset.
I fengselet
kunne fangane sitje dels i vatn i
kjellaren eller veldig varmt på
loftet, og det var mange som døydde
etter nokre veker. I dag er
fengselet på anna plass, og det
tidlegare fengselsbygget er nytta
til andre føremål.
 |
|
|
|