Volda

   
 

 


 

 

 

 
Google
 

 
Startsida   Fotogalleri
»   Billettar og rutetider»  Hobby»

 

Opp | Ålesund | Vanylven | Sande | Herøy og Runde i Møre og Romsdal | Ulstein | Hareid | Volda | Ørsta
 

 

 
 
 

 

 
 
  Litt av det som skjer i Volda:  
  Volda i Møre og Romsdal
Det bur om lag 8 400 innbyggarar i Volda. Dei fleste bur i Volda sentrum. Det er fleire tettstadar i bygda, blant anna Folkestad, Bjørkedal, Austefjord og Lauvstad.
I Volda finn du
Sunnmørsalpane» med turar som høver for alle ambisjonsnivå. Her er blå fjordar med mykje fisk og lakseelvar som ein kan prøve fiskelukka i. Ei rundreise i området fører oss frå små bygder ved foten av steile fjell, setrar til fjells og vidare til bygdesentrum med handlegate.

Koplingar
Bedehuset» Bibliotek
» Eben-Eser» FESTiVolda» Flyklubb» Fotball» Friluftsforeninga» Golf» Handball» Himmelseglarlag» Høgskulen» Jazzklubben» KFUM Volda» Kometland» Museum» Reset skisenter» Rideklubb» Rokken» Telebygget» Ten Sing» Uppheim» Vg skule» Volda kommune» Øyra skule»

Viktige

Volda legesenteret 70 05 89 00
Hastetelefon / legevakt etter kl 15:30 / helgar:700 77 266

Sjukehus i Volda» 70 05 82 00  Ålesund» 70 10 50 00
Giftinformasjon» 22 59 13 00

Reise
Lokalbuss og ekspressbuss» Timeekspressen»  Flybillettar og hotell» Overnatting»
Ferjeruter: Tide Sunnmøre»  Fjord1» AutoPASS Eiksund»
Lokalbuss og ekspressbuss» Timeekspressen»  Flybillettar og hotell»
Sunnmørsalpane guide»

Nyheiter
Møre» Sunnmørsposten» Voldaveir»
 

 
 

 
  http://galleri.maskaare.net/#41  
 
   
  Volda sentrum hausten 2009 sett frå Rotsethornet, 649 moh. Turen startar frå Rotevatnet, eller frå Kalsethola over tunnelopninga til Austefjordvegen. Det er tau og kjettingar å halde seg i på dei brattaste partia på denne sida. Bruk gode sko og ta med niste.  
   
  Hjorthaug og Reitane 11. februar 2007.  
   
  Volda er skulebygda som har vidaregåande skule», tidlegare kalla Gymnas, og høgskule, tidlegar kalla Lærarskulen. Foto av Kaarstad- bygget på Høgskulen i Volda» frå mars 2008.  

Volda og Ørsta vart knytt saman med dei ytre kommunane på Sunnmøre då Eiksundsambanet opna. Eiksundsambandet opna 23. februar 2008 med  verdast djupaste tunnel under havet, tunnel gjennom fjell og ei særs flott bru til Eiksund i Ulstein. Dette fantastiske anlegget er eit tydeleg landemerke, og eit symbol på kor langt vår kultur har nådd. Om ein køyrer ofte gjennom sambandet kan det lønne seg å kjøpe autopass, dei som passerar sjeldan kan vente på at rekninga kjem i posten. Ein skal ikkje stoppe for å betale. Like over kommunegrensa mot Ørsta ligg Hovden flyplass. Der er det fleire avgangar dagleg til Oslo og Sogndal, med vidare samband til Noreg og resten verda. 

Aasen-tunet
» ligg også like over kommunegrensa til Ørsta, mellom tunnelen og flyplassen. Aasen-tunet er senteret for nynorsk språk og kultur, med gode opplevingar av språk, litteratur og arkitektur. Tunkatten Lurivar» bur i Ivar Aasen-tunet, og han har eiga heimeside med forteljingar, aktivitetar og spel.

  I Volda sentrum ligg Høgskulen i Volda» med Studenthuset Rokken». Telebygget» er for ungdom. Det er sjukehus» i Volda. Astronomisenteret Kometland» med eigar Knut B. Aarseth tek i mot interesserte, ring 48 12 46 46 for avtale. På museet Volda Bygdetun, Haualeite» er det mange gamle hus. Tradisjonell, sunnmørsk festmat som lefse og flatbrød kan ein kjøpe hjå heimebakeriet Maribakst».


Reset» skisenter i Volda har trekk, barnetrekk og varmestove med kiosk. Det er også fine løyper som startar ved skisenteret for dei som går langrenn.

Ved Rotevatnet er det badestrand på Årneset. Der er det to sandvolleyballbaner som alle kan bruke, og eit naust er under oppføring der det skal vere båtar og kanoar som kan lånast. Det er fin golfbane» i Vassbotnen, lenger framme ved Rotevatnet. Det er stor aktivitet i bygda med mange frivillige lag og organisasjonar» Friluftsforeninga» arrangerar fjellturar, for ein liten sum vert ein medlem og kan vere med på alle turane. Flyklubb», Fotball», Handball», Himmelseglarlag», Jazzklubb, Rideklubb», Skisenter Reset», Volleyball». FESTiVolda» er to veker med aktivitetar. Uppheim» rommar mange kristne lag som Ten Sing
» og Speidar». Nabobygga til Uppheim er Pinsekyrkja Eben-Eser» og Rådhuset med Bibliotek».

I Bjørkedalen er gamle båtbyggartradisjonar levande, og ein kan vere med vikingskip på Bjørkedalsvatnet. Her kan du fylje bygginga av Sunnmørsjekta»
Vikingskipet Embla» er det kjende kvinneskipet som ror for fred.

Austefjord ligg mot aust i Volda kommune. Fyl skiltinga til Austefjord, merka Rv 651. Sentrum av Austefjord heiter Føre, vert skrive Fyrde eller Førde. Her er det butikk, kyrkje, barneskule og ungdomsskule. Det er god lakseelv på Fyrde, fiskekort kjøper ein på staden. Det er to campingplassar i Austefjorden, ein på Aurstad og ein på Kalvatn. Det er i tillegg mange som leiger ut feriehus privat. Ein kan køyre rundt Austefjorden i staden for å ta ferje mellom Folkestad og Volda sentrum, men vegen er rasutsett. Køyr forsiktig, for det kan vere geiteflokkar i vegbana. Kvivsvegen som er under planlegging vil passere her, arbeidet med denne vegen er nett starta.

Boka Sæterliv i Volda» fortel om om livet på sætrane opp gjennom tidene.



Volda Rotary laga for ein del år sidan kart over turstiar kring Volda sentrum, i samarbeid med Volda kommune og Informasjonsutdanninga ved HVO. Kartet vart delt ut gratis på blant anna butikkar og biblioteket. På midten av dette scanna kartet er det ein brettekant, slik at kartet ikkje går heilt saman slik som orginalen (det skal vere Niven og ikkje Iven). Turkart»


Vadsteinvatnet sommaren 2008.
 
 
 
 
Kometland» på klepp i Volda sentrum. Det er skilta sti frå Kleppevegen / øvst på Klepp opp til Kometland,  det er lyspunkt på stien fram.
 
Rotary førte opp grindløda i Flommen i 2005. Her er fin rasteplass med benkar, og enklaste tilkomsten er på gangvegen frå Klepp.
Utsikt til Volda sentrum. Ein fin haustdag i 2006 gjekk vi opp til grindløda i Flommen for å nyte utsikta. Volda sentrum med ferja på veg over Voldsfjorden til Folkestad. Rotevatnet til venstre, Rotsethornet, Volda sentrum og Voldsfjorden. Hauane og Engeset i Volda sentrum.
Volda sentrum med hamna og butikkar. Volda sett frå lufta. Eksetsvingen til venstre og snødekt Rotevatnet til høgre. Rotevatnet nede til venstre, Krøvelseidet og vidare Vatnevatnet i Ørsta.

Konsert med Prots i Volda kyrkje i 2007.
Volda kyrkje vart bygd og vigsla i 1932, og arkitekten var Arnstein Arneberg. Det store måleriet på altarveggen er måla av Hugo Lous Mohr. Mohr har også utsmykka fleire andre kyrkjer og måla portrett.
Uppheim» januar 2007. Huset rommar mange lag som speidar, barnekor, ballett og middagsklubben.   Gymnasvegen i Volda sentrum. Uppheim til venstre og Eben Eser til høgre. Januar 2007.   Pinsekyrkja Eben-Eser Volda»
   
    Sparebank1 Volda   Posten, legesenter og tannlege.
    Berte Kanutte - huset 16. april 2008.   Berte Kanutte - huset 16. april 2008.
    Berte Kanutte - huset i april 2008.   Berte Kanutte - huset i april 2008.
   
Gamlegymnaset i Gymnasvegen, no kalla Maurtua. Foto frå 2005.   Volda Vidaregåande skule»   Utsikt frå Vardehornet 580 moh. Turen til Vardehornet startar frå bommen i enden av Solhøgda. Gå på skogsvegen, ta av mot steinhusa og fyl skiltinga til Vardehornet. Det er som regel vått i marka.
   
Rådhuset i Volda. Volda kommune» telefon 70058700       Volda Bygdetun, Haualeite»  11. juni 2007.
Adresse Lægdavegen 39, 6100 Volda. Tlf 70077854
 
Badeplassen på Årneset 16. juni 2007.
 
På Årneset er det to sandvolleyball baner som alle kan bruke. Her er Torgeir Dimmen, Solveig Festø, Gunvor Bergem Lia og Svein Berg-Rusten frå opningsturneringa ved den offisielle opninga av banene laurdag 25. august 2007. Meir om KFUM Volda»
Det er ein mykje brukt turveg rundt Rotevatnet med benka.        
   
Berkneset
   
    Utsikt frå Niven: Niven, Voldsfjorden, Helgahornet.    
   
Lauvstad       Ferja på Lauvstad
   
Ekset i Volda   Norddalen   Volda sentrum

Austefjord kyrkje vart bygd i 1773 på Nes i Bjugn, byggmeister var Gjert Lien. Kyrkja vart flytta til Austefjord i 1879 og vart restaurert samstundes. Det meste av inventaret har vorte bytta ut gjennom åra. Kyrkjeklokka er frå 1879, første orgelet frå 1909. Orgelet vart skifte ut i 1954. Altartavla er måla av kunstmålar Sjøholm i 1908. Kyrkja har vore vølt mange gonger, no er det planar om å kjøpe nytt orgel. Det er om lag 200 sitjeplassar i kyrkja.
Kjelde Kulturnett.

 

       

Ålesund»

Vanylven»

Sande»

Herøy og Runde»

Ulstein»
 
Hareid»

Volda»

Ørsta»
Statens Vegvesen: Turistkart 2008 for Møre og Romsdal i Region midt. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Turistkart»
Kart Sunnmøre: Vanylven, Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid. ( map / Plan / carte / mapa / pianta )
Sunnmørskart»

Møre og Romsdal»

Sogn og Fjordane»

Bergen»
 

Oslo»
Noreg
»

Danmark» Utland»

Mallorca»

Venezia»
Karlsbrua i Praha.
Praha»
 

Taksering
Uno Lundberg AS
TLF 700 77 700
www.lundberg.no

 

©2003-2009 M.A.Skaare. Sist oppdatert 14.05.2010. SETT SOM STARTSIDE  LEGG I FAVORITTAR Har du noko som passar å føre opp så send ei melding»