Laga av M.A.Skaare
E-post webmaster@skaare.net
Heimeside har eg som hobby, til dagleg er
eg takstingeniør hos Uno Lundberg i Volda.
Heimesider eg har laga:
www.lundberg.no
www.taksering.net
www.lauritsgarden.no
www.skaare.net
http://www.skaare.net/kfum/
http://www.maribakst.no/
http://uppheim.net/
Om
www.skaare.net:
Har du eiga heimeside må du gjerne sende tips om kopling til di
side.
Eg lagar gjerne kopling til sider som handlar om hobby, reiser, mat,
hage med meir. Sider som hovudsakleg er reklame eller sider som for
det meste inneheld kopling lagar eg ikkje kopling til. Du som er
ansvarleg for sida må sende inn tipset.
Eg kan hjelpe deg med å opprette di eiga heimeside.
For firma eller private, fleire sider med kopling.
Eg legg tekst og bilete ut på internett for deg. Du kan sjølv lage
kladd til tekst og ta eigne foto, eller eg kan hjelpe til .
Kontaktinformasjon og / eller kontaktskjema / bestillingsskjema
direkte til di eiga e-post adresse.
Eg opprettar sida, og vidare oppdatering viser eg deg korleis du gjer sjølv.
Pris frå kr 1500, I tillegg kjem kostnad til domene.
Du kan tinge domen og webhotell hos
One.com Dei leverar eit enkelt, fleksibelt og brukarvennlig
produkt for både nybegynnarar og til profesjonelle brukarar. Flotte
malar.
Anna eg held på
med:
2006 til 2008 medlem i styret for KFUM Volda med
ansvar for heimeside. Styret driv kiosk ved sandvolleyballanene på
badeplassen Årneset.

Er leiar i Nito Takst avdeling Nordvest. Styret i Nito Takst Nordvest, frå venstre Per
Jan Valen sekretær, Margrete Apelseth Skaare leiar, Steinar Åkre
nestleiar.
2005 -2006 Styremedlem i Nito Takst.
VTI
Fotball. Nokre av styret for Yngres
2005, f.v.: Otto
Fremmerlid, Per Olav Myklebust, Lars Petter Lillebø,
Margrete Apelseth Skaare og Åse Elin Espenakk
Osvoll.
I 2006 har Åse Elin og eg hatt ansvaret for kjøkkenet på fotballskulen
med over 350 deltakarar, og for kjøkkenet på Bend it cup 23. september
med over 460 deltakarar.
På Bend it cup serverte vi i tillegg middag til leiinga i VTI,
visepresident i UEFA Per Ravn Omdal, og ordføraren med fylgje.
Vi har mange gode hjelparar i sving, og kunne sjølvsagt ikkje klart
dette utan alle som stiller opp saman med oss.
År 2004 og 2005 var eg med i styret for VTI Yngres. I 2005 hadde eg
ansvaret for kjøkkenet på fotballskulen og andre store turneringar.
VTI Fotball Yngres arrangerte 19.september 2005 ”Bend It Cup” for
gutar og jenter mellom 8 og 10 år. Nærare 350 born frå både nøre og
søre luten var påmelde. Vi serverte grillmat og hadde kiosk.
Onsdag 22. juni til fredag 24. juni var det fotballskule med 302
deltakarar. Alle deltakrane, instruktørar og dommarane fekk lunsj kvar
dag. I tillegg hadde vi kiosk.
Kretsturnering 12.mars og 13. mars 2005.
Det var om lag 80 born og vaksne som fekk frukost, middag og kvelds
medan dei var her. I tillegg hadde vi kiosk.
Har vore kasserar og etterpå sekretær i Volda
hagelag.
|